Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester

Tilskotet skal bidra til å styrkje tilbodet til personar med langvarige og samansette behov for tenester ved å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar.

Tilskotet skal sjåast i samanheng med tilskotet Tilbod til barn og unge med behov for langvarig eller samansett oppfølging.

Søknad om tilskot 2020

Søknadsskjema finn de under fana «Dokument».

Les regelverket for tilskotet nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.

Sjå særleg kapittel 4 med informasjon om prioriterte tiltak, opplysningar om tilskot og overgangsreglar.

Søknadsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: fmvlpost@fylkesmannen.no innan 1. mars 2020.

Les meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.

Rapportering på tilskot 2019

Skjema for rapportering finn du under «Dokument». 

Rapporteringsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: fmvlpost@fylkesmannen.no innan 1. mars 2020.

Den nye kommunen har ansvar for å oppfylle dei krava som er stilt i tilskotsbrev i 2019 til dei kommunane som no inngår i ny kommune.

Ved rapportering og søknad om vidareføring av tilskot, er dette framgangsmåten:

Det skal rapporterast særskild for kvar av dei tidlegare kommunane som har motteke tilskot. Ny kommune skal søke om vidareføring av tilskot der dette er aktuelt.

Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 31. mars 2020.

Søknadsfrist:
01.03.2020 23:59:00
Målgruppe:
Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og eller rusmiddelproblem, valdsproblematikk og som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
Rapporteringsfrist:
01.04.2021 23:59:00