Evaluering av handteringa av smitteutbrotet på Askøy

Fredag 6. september arrangerte Fylkesmannen, i samarbeid med Askøy kommune, evalueringsmøte for handteringa av smitteutbrotet i sommar. Hovudtema var å sjå på samhandlinga og samvirket mellom dei mest sentrale aktørane.

I møtet vart hendinga delt inn i ulike fasar, med innleiingar frå dei ulike sektorane i kommunen og påfølgande diskusjonar om erfaringar og læringspunkt. Deltakarar var folk frå Askøy kommune, Helse Bergen, Folkehelseinstituttet, Mattilsynet og Fylkesmannen.

Referat frå evalueringsmøtet ligg ved artikkelen.

Askøy kommune har vedteke å gjennomføre ei eiga gransking, som m.a. skal sjå på dei bakenforliggande årsakene og vurdere vassforsyninga i kommunen. Det var såleis ikkje tema for evalueringsmøtet.

Kommunen fekk gode tilbakemeldingar for å relativt tidleg ha identifisert at smittekjelda var knytt til vassforsyninga, og for at det vart sett i verk tiltak. Det var semje om at varsling og dialog, både internt og med eksterne aktørar, kan forbetrast.

Askøy kommune framheva at dei fekk veldig mykje god hjelp og støtte frå andre aktørar. Nabokommunane gav mellom anna tilbod om avlasting i legevakttenester, reservedrikkevatn og støtte med kommunikasjonsarbeidet.

Ei av erfaringane frå hendinga var at trongen for informasjon var enormt omfattande, både direkte til innbyggjarar og til media. Blant læringspunkta som vart framheva var difor at kommunen allereie på eit tidleg stadium i ei stor hending bør etablere eit kommunikasjonsapparat med stor kapasitet.

Askøy kommune var svært tydelege på at dei ønskjer å dele erfaringane sine med andre kommunar, noko dei m.a. gjorde på Fylkesmannen si fagsamling for samfunnstryggleik og beredskap i oktober.