DSB-CIM - temaside og ressursar

Fylkesmannen har rettleiings- og brukarstøtteoppgåver for kommunane i høve krisehandteringsverktøyet DSB-CIM, og på denne temasida ønskjer vi å samle relevante ressursar og informasjon som kan vere nyttig.

Kva er DSB-CIM?

CIM er ei forkorting av Crisis Information Management, og er eit norskutvikla krisehandteringsverktøy. DSB-CIM er ein versjon der Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er systemeigar. Kommunane har tilgjengeleg ein kostnadsfri basisversjon av DSB-CIM, og kan bygge vidare med ulike modular etter eige ønskje.

Verktøyet kan brukast både i høve førebyggjande arbeid og ved krisehandtering. Varsling, loggføring og rapportering via Fylkesmannen til sentrale styresmakter er døme på bruksområde.

DSB gjennomfører jamleg grunnkurs og administratorkurs ved kurssenteret sitt i Heggedal i Asker (NUSB). Vi tilrår kommunane å delta på DSB sine kurs. Særleg for dei som skal vere administrator i kommunen sin DSB-CIM, bør ha gjennomført administratorkurs. Vi har òg god erfaring med å arrangere kurs lokalt med instruktør frå DSB tidlegare, og ønskjer å fortsette med dette. Kor ofte slike kurs vil bli arrangert lokalt, vil avhenge av interesse og ønskje frå kommunane.

Kva kan Fylkesmannen hjelpe med?

  • Brukarhandtering (endre passord/opprette nye brukarar/opne stengte brukarkontoar) skjer lokalt, men administrator kan kontakte Fylkesmannen ved behov for t.d. å endre sin eigen tilgang.
    • Ved uønskte hendingar eller situasjonar der det er viktig for kommunen å få opna tilgang raskt, er vi sjølvsagt tilgjengeleg for å hjelpe òg med andre brukarar sin tilgang.
  • Støtte kommunen sin administrator ved behov, som diskusjonspart og ev. hjelp med praktisk gjennomføring av t.d. tilpassingar av installasjonen.
  • Bindeledd mellom kommunane og leverandøren.
  • Tilgang som administrator og superadministrator for kommunar som ikkje allereie har dette sjølv, går via oss. For å få superadministratortilgang må ein ha gjennomført administratorkurs.
  • Vidareformidle innspel til endringar frå kommunane til DSB og leverandøren.
  • Utarbeiding av rettleiingsmateriell - skriftleg og video.

Fylkesmannen informerer kommunane v/beredskapskontakt om vedlikehald av installasjon og oppgraderingar.

Vi gjer òg merksam på at det finns ein hjelpefunksjon inne i installasjonen; knapp med spørjeteikn i øvre høgre hjørne.


Aktivitetar

Planlagte aktivitetar for 2020:

  • Utvide rettleiingsmateriell til å gjelde utvalde administratoroppgåver (både skriftleg og videorettleiing).
  • "Webinar" med ulike tema
  • Regionale kurs med instruktør frå DSB; administratorkurs (ein dag) er mest aktult, men òg grunnkurs. Slike kurs vil kunne bli arrangert ved tilstrekkeleg stor interesse.

Kom gjerne med innspel og ønskje til aktivitetar, og tilbakemelding dersom kommunen har ønskje om at det blir arrangert kurs regionalt. 

 

Tidlegare aktivitetar:
11. november 2019: CIM-trim, tema: rapportdeling. Frist 15. november
2. september 2019: CIM-verkstad for samanslåingskommunar, Bergen
6. juni 2019: CIM-verkstad for samanslåingskommunar, Leikanger
5. juni 2019: Administratorkurs DSB-CIM, Leikanger, med instruktør frå DSB. 

Kontaktpersonar DSB-CIM hjå Fylkesmannen i Vestland