Informasjon om utbrotet av koronavirus

Illustrasjonsfoto (foto: Centers for Disease Control and Prevention)
Illustrasjonsfoto (foto: Centers for Disease Control and Prevention)

Her er generelle råd frå helsestyresmaktene og oversikt over informasjon til publikum og helsepersonell.

Ei samla oversikt over våre nyhendesaker om koronaviruset, finn du her.

Sist oppdatert: 30. mars.

Helsedirektoratet har vedteke omfattande tiltak for å avgrense smittespreiing av koronavirus, m.a. stenging av barnehagar, skular og avgrensingar for arrangement, som gjeld frå kl. 18.00 torsdag 12. mars.

Det første tilfellet av koronavirus i Noreg vart påvist i Tromsø onsdag 26. februar. Fredag 28. februar fekk ein person i Bergen påvist koronasmitte som det første tilfellet i Vestland.

Per måndag 30. mars er det meldt om i alt 460 tilfelle av koronavirus i Vestland. 

Folkehelseinstituttet oppdaterer tal personar med påvist smitte kvar dag kl. 12.00.

Gjer gode smitteverntiltak og ta omsyn

Etter som talet på personar som har fått påvist smitte av koronavirus i Vestland har auka, blir det enno meir viktig at kvar og ein av oss bidreg med gode smitteverntiltak. God hoste- og handhygiene er enkle, men viktige tiltak for å avgrense og forseinke smittespreiing av koronavirus. 

Informasjonstelefon

Helsedirektoratet har oppretta ein informasjonstelefon for spørsmål om koronavirus, men ber folk om å lese informasjon på nettet før dei ringer (sjå oversikt lenger nede i denne artikkelen). Helsemyndigheitene oppmodar om at ein ikkje ringer legevakt med spørsmål før ein har sjekka informasjon som finst på nett.

Nummeret til informasjonstelefonen er 815 55 015. 

Kvar finn du meir informasjon?

Har du vore på reise i eit område med vedvarande smitteutbrot?

Alle som har vore i eit område med vedvarande smitteutbrot av koronavirus skal vere i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst. Dette gjeld uavhengig av om ein har symptom eller ikkje. Ring lege dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon.

Kva gjer du om du mistenker at du kan ha vore utsett for smitte av koronavirus?

Dei som har hatt nær kontakt med person som har fått påvist koronasmitte, skal vere i heimekarantene i 14 dagar etter siste kontakt med den smitta personen. Nær kontakt med person som har fått påvist smitte kan til dømes vere:

  • Personar i same husstand
  • Direkte fysisk kontakt, som å handhelse eller klemme
  • Bli hosta på
  • Vere i same rom/møte på mindre enn 2 meters avstand i meir enn 15 minutt

Ring fastlege dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon (eller legevakt 116117), for å avtale prøvetaking og timeavtale/behandling.

Enkle, men viktige tilrådde smitteverntiltak

Myndigheitene har merksemd på å oppmode alle om å gjere enkle smitteverntiltak for å ta omsyn og avgrense smittespreiing. Det er særleg viktig å ta omsyn til dei som har anna sjukdom og redusert helsetilstand frå før, og som vil kunne få eit meir alvorleg sjukdomsforløp dersom dei blir smitta av influensasjukdom.

  • Bruk papirlommetørkle foran munn og nase for å beskytte andre, dersom du hostar eller nyser. Kast lommetørkleet etter bruk, og vask deretter hendene.
  • Bruk albogekroken når du må hoste og nyse, og ikkje har papirlommetørkle tilgjengeleg.
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med alkoholhaldige middel er eit godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, til dømes på reise.

Bruk av munnbind er kun tilrådd for helsepersonell

Det er svært lite som tyder på at bruk av munnbind hjå friske menneske i vanleg sosial omgang har nokon effekt – tvert om kan munnbind ved feil bruk føre til auka risiko for smitte og sjukdom. Folkehelseinstituttet har publisert ein artikkel som forklarar meir om dette.

Fylkesmannens ansvar og rolle 

Fylkesmannen v/fylkeslegen er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Vi vidareformidlar informasjon frå Helsedirektoratet til m.a. kommuneoverlegane i Vestland, melder innspel og spørsmål frå kommunane tilbake til sentrale styresmakter, og legg til rette for samvirke mellom relevante aktørar i fylket på regionalt nivå. 

Vi skal vere merksame på smittevernet i fylket, ha oversikt over og kunnskap om lokale smittevernplanar, og yte bistand ved behov. 

Status for smittevernplanar i kommunane

Fylkesmannen har nyleg kartlagt status for smittevernplanar for kommunane i Vestland, og har kome til at desse er tilstrekkeleg oppdaterte. Vi har publisert ein artikkel om kartlegginga.

 

Plakat frå folkehelseinstituttet om smittevernstiltak