Rettleiar for kontinuitetsplanlegging

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har publisert ein revidert versjon av rettleiar for kontinuitetsplanlegging.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.03.2020

Rettleiaren gir råd og rettleiing for korleis kommunane og andre kan planlegge for å oppretthalde samfunnskritiske tenester, i ein situasjon der det kan forventast at svært mange vert smitta av koronavirus på same tid.

Målgruppa for rettleiaren er verksemder med ansvar for kritiske samfunnsfunksjonar, men òg andre offentlege, private og frivillige verksemder og organisasjonar vil kunne ha nytte av den.

Sentrale spørsmål frå rettleiaren:

  • Kva skjer når personellfråværet aukar ut over kva ein normalt kan forvente?
  • Kva deler av verksemda vil bli hardast ramma?
  • Korleis vil verksemda takle utfordringane og konsekvensane?
  • Kva konsekvensar kan bortfall av leveransar frå verksemda få for andre?

Rettleiaren gir ikkje ferdige løysingar, men innspel til problemstillingar som bør diskuterast og forslag til moglege tiltak.

Les meir om rettleiaren hjå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, den ligg òg ved artikkelen som pdf-fil

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.