Fagsamling samfunnstryggleik og beredskap

Meir enn hundre deltakarar frå kommunane, regionale statlege aktørar og frivillige organisasjonar var samla på Park Hotel Vossevangen 16. og 17. oktober.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.10.2019

På programmet stod det ei rekkje ulike tema, erfaringsdeling og debattar.

Askøy kommune delte sine erfaringar frå handteringa av smitteutbrotet i sommar, og Fræna kommune frå hendinga med "Viking Sky" ved Hustadvika i mars. Erfaringane til dei to kommunane danna bakteppe for gode diskusjonar. I debattpanela var informasjons- og mediehandtering og evakuering tema, med særleg merksemd på kommunane sine utfordringar og erfaringar. Planlegging av god nok kapasitet til informasjonsarbeid, og oppheving av evakuering, var blant sentrale problemstillingar som vart drøfta.

 

 

Legemiddelberedskap, industrivern som ressurs for kommunane, digital sårbarheit og klimaendringar var tema for innlegg som òg engasjerte med diskusjonar og gode spørsmål frå salen. Kommunane må ta omsyn til legemiddelmangel i si planlegging, og det bør vere eit tema i heilskapleg ROS-analyse. Det er 14 000 tilsette i norske verksemder med oppgåver og opplæring knytt til industrivern, og det er ein lokal ressurs som kommunane bør kjenne til. Digital sårbarheit blir stadig meir aktuelt, og innleiarane viste m.a. til rettleiingsmateriale med konkrete råd til førebyggjande tiltak. Fylkesmannen presenterte òg to "miniprosjekt" om arbeid med industririsiko og handtering av store hendingar i kommunane.

 

 

Klimaendringar, klimaforsking og samarbeid mellom forskingsmiljø og kommunar var blant temaa som avslutta fagsamlinga. Under "Speakers' Corner" fekk ein del aktørar høve til å gje korte orienteringar om ulike tema.

 

Samvirke og samhandling og tidleg varsling var gjennomgåande viktige stikkord for alle dei ulike temaa på fagsamlinga. Det er viktig at kommunane har ein god dialog i "fredstid" med naudetatane, regionale aktørar og frivillige organisasjonar. Kommunalt beredskapsråd er ein viktig arena for verte betre kjent, samordne planar og gjere det lettare å jobbe godt saman når det skjer uønskte hendingar.

 

Vedlagt ligg program for samlinga og presentasjonar som vart brukt.

 

 

 

Fleire bilete frå samlinga:

 

Christer Frantzen frå Sjukehusapoteka Vest HF om legemiddelberedskap (foto: Stig Morten Tengesdal/Fylkesmannen)

 

Tord Moltumyr frå Meland kommune har delteke i Helsedirektoratet sitt arbeid med legemiddelberedskap (foto: Stig Morten Tengesdal/Fylkesmannen)

 

Bård Espelid fortel om Askøy kommune sine erfaringar frå handtering av smitteutbrotet (foto: Anne C. F. Eide/Fylkesmannen)

 

Sondre Bjelle om industririsiko i kommunal planlegging (foto: Stig Morten Tengesdal/Fylkesmannen)

 

Silje Alvsvåg frå Bremnes Seashore og industrivernnettverket på Bømlo (foto: Alfa S. Winge/Fylkesmannen)

 

 

Alfa S. Winge frå Fylkesmannen innleia om digital sårbarheit (foto: Anne C. F. Eide/Fylkesmannen)

 

Jan Morten Grimstad Dale fortel om Fræna kommune si handtering av hendinga med "Viking Sky" (foto: Mari Severinsen/Fylkesmannen)

 

Klimaforskar Erik Kolstad fortalte om klimaendringar og klimaforsking, m.a. arbeid for å skaffe endå betre kunnskapsgrunnlag for kommunal planlegging. (foto: Alfa S. Winge/Fylkesmannen)

 

Odd Are Jensen fortalte om NVE sitt arbeid med kartlegging av naturfare, førebygging og handtering (foto: Alfa S. Winge/Fylkesmannen)

 

"Speakers' Corner" (foto: Alfa S. Winge/Fylkesmannen)

Randi Ivarsøy frå Telenor orienterte m.a. om varsling ved bortfall av ekom-tenester, Ivar Konrad Lunde, beredskapssjef i Bergen kommune, fortalte om arbeidet med Samfunnssikkerhetens hus som no er under etablering. Brannsjef Leif Linde i Bergen brannvesen orienterte om samanslåing av 110-sentralane for det nye fylket, og sjef i HV-09 Christoffer T. Knutsen fortalte om Heimevernet sine ressursar og korleis dei kan bidra i kommunane sitt beredskapsarbeid og ved uønskte hendingar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.