Eigenberedskapsveka 2019

Dersom vatn og straum vart borte, har du det du treng for å klare deg sjølv i tre døgn? Denne veka har eigenberedskap særleg merksemd over heile landet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.10.2019

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) står bak denne årlege kampanjeveka, med mål om å auke folks kunnskap om eigenberedskap og få fleire til å gjere eigne førebuingar.

Særleg no på seinhausten og utover vinteren kan det kome uvêr som fører til at straumen forsvinn. Dersom alle bidreg med å førebu seg, kan naudetatar og andre redningsressursar prioritere å hjelpe dei som verkeleg treng det - den dagen situasjonen skulle tilseie det. Tenk òg gjerne særleg på naboar eller kjende som kan trenge hjelp i slike situasjonar.

Dersom du er førebudd, kan bortfall av straum i nokre dagar bli litt meir som ein "koseleg" hyttetur. Konkrete råd, som t.d. forslag til eit beredskapslager du bør ha heime, finn du i brosjyra som ligg ved denne artikkelen og på sikkerhverdag.no.

 

(Illustrasjonsfoto, DSB)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.