Avslag på oppføring av balkongar i 2. etasje i "Portalen"

Bergen kommune avslo søknad om dispensasjon for dei bygde balkongane i 2. etasje i bygget «Portalen». Vedtaket vart klaga på av Bergen boligbyggelag (BOB), men Fylkesmannen stadfesta avslaget 16.04.2020. Vilkåra for å gi dispensasjon etter plan- og bygningslova er ikkje oppfylte.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.04.2020

Bustadbyggjelaget BOB står bak leilegheitsbygget «Portalen» i Damsgårdsveien i Bergen kommune.

BOB har tidlegare fått dispensasjon til å byggje balkongar frå tredje etasje og oppover i bygget i fasaden mot Damsgårdsveien. I denne saka søkte BOB om å få endre rammeløyvet og om dispensasjon for balkongar i 2. etasje mot Damsgårdsveien. Balkongane er allereie bygde, men etter gjeldande rett skal dette verken gjere det lettare eller vanskelegare å få innvilga dispensasjon.

Bergen kommune avslo søknaden av omsyn til arealet som er avsett til felles gardsplass på bakkeplan. Arealet er meint å skulle nyttast til leik og opphald. Det er 2,6 meter frå bakkeplan og opp til balkongane i 2. etasje. Leilegheitene i 1. etasje har altandører rett ut mot fellesområdet. Dette gav etter kommunen sitt syn eit inntrykk av at arealet under balkongane er privat. Kommunen kom difor til at omsyna som arealdisponeringa til fellesområde byggjer på, vil bli vesentleg tilsidesett dersom ein innvilga dispensasjon, og avslo søknaden.

BOB meinte at balkongane ikkje ville verke inn på bruken av fellesarealet på bakkeplan. Det vart òg vist til at balkongane ville dempe støyen frå vegtrafikken.

Vilkåra for å gje dispensasjon etter plan- og bygningslova er strenge. Vi er einige med kommunen i at vilkåra ikkje er oppfylte. Til liks med kommunen vurderte vi det slik at balkongane vil ha ein privatiserande effekt på fellesarealet. Eventuell støydemping som følgje av balkongane er heller ikkje eit relevant argument for dispensasjon, fordi det gjeld eit absolutt krav om at bygget skal vere utforma slik at innandørs støy ikkje overstig 30 desibel, også utan balkong.  

Fylkesmannen stadfesta etter dette Bergen kommunen sitt vedtak i saka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.