Planomtale

Alle planar skal ved offentleg ettersyn ha ein planomtale ("planbeskrivelse") som m.a. skal gjere greie for planen sine verknader for ulike interesser og omsyn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.01.2019

Alle planar etter plan- og bygningslova skal skildre planen sitt formål, hovedinnhald og verknader. Dette gjeld uavhengig av av planen sitt omfang og verknadene av planen. Planomtalen skal sikre fornuftige og gode planvedtak, der det vert teke omsyn til alle interesser når avgjerda skal takast. 

Er forslaget til reguleringsplan i samsvar med kommuneplanen?

Regelen set eit særskilt krav om at planomtalen ("planbeskrivelsen") må vise planen sitt forhold til andre planar som gjeld for området. Det er særleg viktig at det går tydeleg fram om planen er i samsvar med gjeldande overordna planar, eller om den fører til endringar. For enkelte situasjoner gjeld det ulike saksbehandlingsreglar for planforslag som er i samsvar med overordna planar samanlikna med planforslag som ikkje er det. 

Manglar ved planomtalen kan vere ein sakshandsamingsfeil

Planomtalen skal  inngå i planforslaget når dette vert sendt på høyring. Den skal vere så fyldig og presis at det er mogleg å få eit godt bilde av omsyna bak planen. Planomtalen skal m.a. gjere greie for planen sine verknader for berørte partar, ulike interesser og omsyn. Det er opp til planstyresmaktene (kommunane) å vurdere om planomtalen er dekkande. Mangler ved planomtalen vil kunne vere ein sakshandsamingsfeil.

Planomtalen må komme tydeleg fram i dei dokumenta som vert lagde fram til handsaming når planen skal vedtakast. For arealplanar supplerer planomtalen plankartet og føresegnene som gjeld for planområdet. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.