Statleg nivå

Statlege og regionale styresmakter ivaretek ei rekkje interesser og omsyn i arealforvaltninga. Fylkeskommunale og statlege fagetatar har rett og plikt til å medverke i planlegginga. Kommunane har på si side plikt til å søkje samarbeid med regionale styresmakter og innhente fråsegner frå dei som har ansvarsområde som vert omfatta av planarbeidet.

Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvaltaren har eit lovpålagt ansvar for å formidle nasjonal og regional areal- og miljøpolitikk, og sjå etter at nasjonale og viktige regionale interesser vert iveretekne i kommunale og fylkeskommunale planar. Statsforvaltaren skal også medverke til samordning av statlege interesser. Statsforvaltaren kan fremje motsegn mot planar som er i strid med nasjonale og viktige regionale interesser.

I plansakene formidlar Statsforvaltaren nasjonale og regionale føringar, særleg innanfor følgjande fagområde og tema:

  • naturmiljø
  • beredskap og samfunnstryggleik
  • landbruk
  • folkehelse
  • barn og unge sine interesser
  • universell utforming
  • kulturlandskap
  • friluftsliv
  • forureining

Statsforvaltaren er også klageinstans for kommunale vedtak etter plan- og bygningslova og er meklingsinstans ved motsegner i plansaker. Statsforvaltaren legg vekt på å skilje klart mellom politikkformidlinga og klage- og meklingsfunksjonen.

Planforum 

Regionalt planforum er heimla i plan- og bygningslova § 5-3, og skal vere møteplass mellom kommunane og fagorgana på regionalt nivå. Leiing og sekreteriat er lagt til Vestland fylkeskommune ved plan og samfunnsavdelinga.  Føremålet med planforum er m.a. å fremje meir effektive planprosessar og førebyggje konfliktar.

Meir informasjon om regionalt planforum finn du her. 

Følgjande organ er fast oppsette deltakarar i planforum og skal møte når saka er relevant:

  • Statens vegvesen, region vest
  • NVE, region vest
  • Fiskeridirektoratet, region vest
  • Kystverket
  • Jordskifterettane i Sogn og Fjordane og i Hordaland
  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Vestland fylkeskommune

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.