Ny rettleiar om planlegging for spreidd utbygging i LNFR-område

Rettleiaren viser korleis kommunane kan styre spreidd bustad-, fritids-, eller næringsutbygging i landbruks-, natur- og friluftsområde i arealdelen til kommuneplanen.     

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.06.2020

Kommunane i Vestland har store område med eit spreidd utbyggingsmønster. Bustadbygginga er dels konsentrert i byggjefelt og knytt til tettstader, bygder og grender, mens ein stor del av bustadene ligg meir spreidd, t.d. i landbruksområde og i 100-metersbeltet langs sjøen. For hytter er det litt det same, der utbygginga dels er konsentrert i større og regulerte hyttefelt, mens mange hytter ligg spreidde i LNF-områda både langs sjøen og i fjellet.  

Mykje av den spreidde utbygginga av både bustader og hytter har skjedd i medhald av dispensasjonar, noko som i mange område har gitt eit tilfeldig utbyggingsmønster med negative konsekvensar for m.a. strandsone, landbruk, naturmangfald og friluftsliv.

Formålet med rettleiaren er å gjere greie for når LNFR spreidd utbygging er aktuelt å bruke, og å skildre korleis dette skal gjerast i arealdelen til kommuneplanen. Rettleiaren omhandlar m.a. viktige tema som eksisterande utbygde areal i LNFR-område, krav til konsekvensutgreiing og utgreiingstema, ulike måtar å framstille LNFR spreidd utbygging på og planomsyn med særskilde krav til avklaring etter sektorlover.  

Å planlegge for spreidd bustad-, fritids- og næringsutbygging i landbruks-, natur- og friluftsområde er eit aktuelt plangrep for dei aller fleste kommunane i Vestland i samband med kommuneplanarbeidet. Når det vert sett av område for slik spreidd utbygging i kommuneplanen, er det viktig at kommunane har ein restriktiv dispensasjonspraksis når det gjeld søknader om frådeling og bygging i LNFR-område utan opning for spreidd bygging.     

I rettleiaren er det presisert at LNFR for spreidd utbygging berre vil vere rett formål viss området har ein open karakter, og ikkje er tettare utbygd. Tal einingar og avstanden mellom dei er eksempel på viktige vurderingskriterie. 

Rettleiaren er omfattande og oversiktleg, og vil vere til god hjelp for kommunane i samband med revisjon av arealdelen til kommuneplanen.  

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.