Universell utforming

Universell utforming vil seie å utforme og tilrettelegge dei fysiske tilhøva, både gjennom planlegging og i krava til det einskilde byggjetiltak, for å fremje like moglegheiter til deltaking i samfunnet og byggje ned funksjonshemmande barrierar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.01.2022, Sist endret 10.01.2023

Kommunane sitt ansvar 

Prinsippet om universell utforming skal sikrast i planlegginga etter plan- og bygningslova og i det einskilde byggjetiltak, jf. formålsparagrafen (§ 1-1) i plan- og bygningslova. 

Det er laga ein temarettleiar: "Universell utforming og planlegging etter plan- og bygningsloven".

Kommunen kan gjennom juridisk bindande føresegner stille krav om universell utforming av tiltak i arealplan med heimel i plan- og bygningslova:

Kommunen kan uavhengig av arealformål vedta føresegner til arealdelen av kommuneplanen om universell utforming, jamfør § 11-9 nr. 5, om generelle bestemmelsar. Vidare kan kommunen gjennom føresegner til arealformål og omsynssoner i reguleringsplan stille krav om universell utforming (jf. pbl. § 12-7 nr. 4). I brev fra departementet om universell utforming i reguleringsplanar er dette nærare presisert.  

I regjeringens handlingsplan "Norge universelt utformet 2025" er eitt av måla at alle kommunar skal ha en vedteken kommuneplan med retningslinjer for universell utforming innen 2015.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.