Landbruk

Som sektorstyresmakt for landbruk har Statsforvaltaren eit særleg ansvar for å sjå etter at kommunane tek vare på dei mest produktive jordbruksareala, men samtidig skal vi vege dette mot andre viktige samfunnsinteresser, jf jordlova § 9. 

Publisert 09.01.2022, Sist endret 10.01.2023

Stortinget har ved fleire høve understreka at det er viktig å ta vare på den dyrka jorda sidan dette er ein svært avgrensa ressurs, mellom anna ved handsaming av St. meld 9 (2011-2012) om norsk landbrukspolitikk. Regjeringa har i si plattform sagt at vi skal ta vare på god matjord, men samstundes balansere jordvernet mot storsamfunnets behov. Stortinget vedtok i 2015 ein nasjonal jordvernstrategi med målsetjing om å redusere årleg omdisponering av dyrka jord til under 4000 daa innan 2020. Dette er også understreka i Landbruks- og matministeren sitt brev til kommunane, datert 08.03.2016, om oppfølging av nasjonal jordvernstrategi. 

Jordvernstrategien for Sogn og Fjordane, som vart vedteken av det tidlegare fylkeslandbruksstyret i 2009 gjev viktige føringar for arbeidet med jordvern i plansaker. Her er det mellom anna sagt at ved utbygging i og nær tettstadane våre må det leggjast vekt på fortetting, høg arealutnytting og fastsetjing av naturlege grenser mellom utbyggingsareal og dei større samanhengande jordbruksområda utanfor. Hyttebygging skal styrast til udyrka areal og utan å kome i konflikt med beiteinteresser, stølsområde eller andre verdifulle kulturlandskap.

Primært bør areal til nye utbyggingsføremål vurderast og avklarast i arealdelen i kommuneplanen, og ikkje gjennom planforslag i strid med den overordna planen. Gjennom ein heilskapleg og overordna planprosess kan kommunane vurdere ulike utbyggingsalternativ, og velje nye byggjeområde ut frå omsynet både til landbruket og andre arealbruksinteresser. I jordvernstrategien er ein kritisk til reguleringsplanar som ikkje er i samsvar med overordna plan. 

Dersom reguleringsplanen er i samsvar med arealdelen til kommuneplanen, men det er landbruksinteresser i planområdet, har Statsforvaltaren nokre råd om korleis landbruksverdiane kan takast omsyn til i planarbeidet: 

  • Areal som tidlegare har vore jordbruksareal kan vere ein ressurs som grøntområde i ein reguleringsplan. Dyrka og dyrkbar mark innanfor planområdet kan regulerast til grøne føremål som friområde, park eller friluftsføremål. Slike reguleringsføremål bør kombinerast med føresegner som hindrar nedbygging og sikrar at jordressursane vert tekne vare på.
     
  • Kulturlandskapselement som steingardar, hustufter, gamle tre og anna bør takast vare på og passast inn saman med bygningar og annan infrastruktur. Kulturlandskapet bør forvaltast slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, biologisk mangfald og tilgjenge vert oppretthalde. Det bør også takast omsyn til eventuell landbruksdrift og kulturlandskapsverdiar som grensar opp til planområdet, til dømes ved å leggje inn buffersoner eller ved å setje opp gjerde.
     
  • Landbruksfagleg kompetanse  i kommunen bør trekkast tidleg inn i planprosessen for å ivareta landbruksinteressene, kulturlandskapet og andre grøne verdiar. Planomtalen skal elles gjere greie for ulike interesser og omsyn som kan verte råka av tiltaket, deriblant også omsynet til landbruksinteressene i området.
  • Dyrka og dyrkbar jord er ein ikkje-fornybar ressurs som det må takast omsyn til i planarbeidet. Dyrka jord som vert omdisponert og utbygd (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) bør sikrast vidare bruk, primært til jordbruksføremål. Dette kan skje ved dyrking av utmarksareal eller ved at matjorda vert brukt til utbetring av eksisterande jordbruksareal. Handtering og etterbruk av jordressursane kan sikrast ved rekkefølgjekrav i planføresegnene. Når det gjeld problemstillingar om flytting av matjord, viser vi til Bioforsk Rapport nr. 181 2012: Flytting av oppdyrket jordmonn for reetablering av jordbruksarealer.

Vi gjer merksam på at eventuell nydyrking må handsamast etter forskrift om nydyrking.

God/høg arealutnytting i eksisterande og nye byggjeområde er eit viktig verkemiddel for å hindre at stadig meir verdifullt jordbruksareal vert omdisponert og nedbygt. I område med stort utbyggingspress bør ein primært legge til rette for rekkjehus/fleirmannsbustader eller andre former for tett utbygging. Det er viktig å tenkje høg arealutnytting også ved regulering til næring eller offentlege føremål, t.d. ved å stille krav i føresegnene om minimum tomteutnytting og ved å avgrense tal parkeringsplassar. Om mogleg bør det leggjast til rette for parkeringskjellar.  

Kommunen har ansvar for å rapportere omdisponering av dyrka og dyrkbar jord som følgje av ein vedteken reguleringsplan. Dette skal skje gjennom KOSTRA, skjema nr 32 Forvaltning av landbruksareal. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.