Folkehelse

Folkehelsearbeidet blir ofte sett i samanheng med kva livvstil ulike deler av befolkninga har, med fokus på fysisk aktivitet, kosthald og rus-/tobakksførebygging. Folkehelsearbeid er samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte verkar både på den psykiske og fysiske helsetilstanden i befolkninga. Arbeid for å jamne ut faktorar som direkte eller indirekte verkar på helsa er viktig. Folket si helse er ein av samfunnet sine viktigaste ressursar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.01.2022, Sist endret 10.01.2023

Folkehelse i planlegging

lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) er det lagt vekt på planlegging som eit sentralt verkemiddel i folkehelsearbeidet, og folkehelselova er tett kopla til plan- og bygningslova.

§5 i folkehelselova slår fast at kommunen skal ha oversikt over helsetilstanden og faktorar som påverkar denne i befolkninga. Folk si helse vert påverka av mange faktorar. Lova gjer det klart at folkehelsearbeid er tverrfagleg og tverrsektorielt. "Forskrift om oversikt over folkehelsen" viser krav til kva opplysningar og område som skal leggjast til grunn for vurderingar av årsakstilhøve og konsekvensar. Oversiktsarbeidet skal danne grunnlag for planarbeidet i kommunen.Tiltak retta mot gode lokalsamfunn, oppvekstsvilkår, utdanning og arbeidsliv er derfor grunnleggande i alt førebyggjande og helsefremjande arbeid.

Folkehelse skal handsamast politisk i samband med dei alminnelege plan- og avgjerdsprosessane i kommunen og fylkeskommunen, jf. folkehelselovens §§ 6 og 21. Oversikt over folkehelseutfordringane i den einskilde kommune/fylkeskommune skal danne grunnlag for strategiar, mål og tiltak forankra i plansystemet etter plan- og bygningslova. Bruk av plan gir høve til å forankre og prioritere tiltak både internt og på tvers av sektorar. Det er laga ein rettleiar til hjelp i dette arbeidet: "God oversikt – en forutsetning for god folkehelse. En veileder til arbeidet med oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer".

Plan- og bygningslova har som føremål å fremje berekraftig utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. Plan- og bygningslova skal samtidig fremje heilskap ved at sektorar, oppgåver og interesser vert sett i samanheng. Planar skal etter plan- og bygningslova § 3-1 første ledd bokstav f «fremme befolkningens helse og motvirke sosiale helseforskjeller, samt bidra til å forebygge kriminalitet». Sakshandsamarar og ansvarlege for plan- og bygningslova skal etter § 1-4 samarbeide med andre offentlege styresmakter som har interesser i saker etter plan- og bygningslova.

Kommunane må gjere folkehelsearbeidet til eit prioritert område i samfunnsplanlegginga. Kommunen skal arbeide for å fremje folkehelse og medverke til å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet som kan ha negativ verknad på helsa, blant anna ved å ta omsyn til helse og trivsel i planlegging etter plan- og bygningslova

Konsekvensutgreiingar
Konsekvensutgreiingar er ein viktig del av folkehelsearbeidet.
Dei fleste faktorar som virkar på folk si helse og trivsel ligg utanfor helsesektoren. Det er difor naudsynt at tilhøve som gjeld helse og trivsel vert gjort synleg og teke omsyn til også i andre sektorar. Konsekvensutgreiingar er eit sektorovergripande verktøy som bidreg til at dette kan skje.

Kommunale planar, offentlege tiltak og verksemder fører som regel til forandringar i innbyggarane sitt lokalmiljø. Det er viktig å gjere greie for kva endringar som er sannsynlege, og kva desse kan føre til. Konsekvensutgreiingar er eit allsidig verktøy for å få sett lys på fordeler og ulemper ved ei planlagt handling, og kan såleis bidra til å skape eit betre grunnlag for avgjerd.

Helseomsyn i planlegging

Inaktivitet og overvekt utgjer pr. i dag ein tydeleg helserisiko. Utforming av nærmiljøet som premissleverandør blir sentral for den einskilde sin aktivitet og livsstil. Lett tilgjenge for å drive fysisk aktivitet bør verte teke omsyn til i arealplanlegginga. Det  tyder at tilgjenge og tilrettelegging for fysisk aktivitet skal vurderast i samband med

  • lokal og regional areal- og transportplanlegging
  • lokalisering og utforming av bustadområde, skular og barnehagar
  • planlegging og bearbeiding av nye og eksisterande anlegg og område til aktivitetsføremål
  • sikring av natur- og rekreasjonsområde

Planlegging som verkemiddel for å fremje fysisk aktivitet

God planlegging byggjer på eit godt grunnlagsmateriale og ein grundig planprosess. For å ivareta folkehelseomsyn handlar dette om å nytte metodar, verktøy og prosessar som

  • gir tilgang til statistikk om demografi og helsetilstand, og kunnskap om forhold som virkar på helsetilstanden
  • gir oversikt over korleis innbyggjarane opplever eiga helse, omgjevnadene og kommunen si tilrettelegging
  • gir oversikt over korleis innbyggjarane opplever eiga helse, omgjevnadene og kommunen si tilrettelegging
  • avklarer kva helsemessige konsekvensar avgjerder vil ha
  • formidlar denne kunnskapen i plan- og avgjerdsprosessar slik at det vert lagt vekt på helseomsyn.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.