Sakshandsaming

Kommunen si handsaming av dispensasjonssaker vil vere forskjellig alt etter kva innstilling administrasjonen eller politisk nivå gir. Sakshandsaminga kan grovt delast inn i tre ulike variantar. Når det gjeld Fylkesmannen si prioritering og handsaming av dispensasjonssaker på høyring er konfliktnivået (1-3) avgjerande. Kva framgangsmåte bør kommunen nytte i saker som krev handsaming både etter pbl. og jordlova? 

Kommunen si sakshandsaming

Ulik innstilling fra administrasjonen krev ulik handsaming av saka. 

1) Administrasjonen innstiller på avslag
I dei tilfelle kommunen innstiller på at det ikkje skal gjevast dispensasjon, og søknaden vert avslegen, er det ikkje krav til høyring.

Dersom søkjar klagar, må kommunen vurdere om saka skal sendast til sektorstyresmaktene på høyring for å fa saka godt nok opplyst. Viss det er poltisk vilje til å ta klagen til følgje, og gje dispensasjon, må saka sendast på høyring før klagen vert handsama i kommunen.

2) Administrasjonen er i tvil eller innstiller på innvilging av søknaden
Når kommunen er i tvil eller er innstilt på å innvilge ein dispensasjonssøknad, skal saka sendast på høyring til sektorstyresmakter dersom deira saksområde vert direkte berørt, før vedtak i kommunen. 

3) Politisk nivå går mot administrasjonen si innstilling
Dersom politisk nivå er innstilt på å gje dispensasjon trass i negativ tilråding frå administrasjonen, og saka av den grunn ikkje har vore sendt til høyringsinstansene for uttale, kan ikkje kommunen innvilge søknaden før dei aktuelle sektorstyresmaktene er høyrde. I slike tilfelle må saka utsetjast og sendast på høyring, jf. pbl. § 19-1.

Fylkesmannen si sakshandsaming

Fylkesmannen ved miljøvern- og landbruksavdelinga har eit særleg ansvar for å sjå til at kommunane følgjer opp viktige nasjonale føringar innan arealforvaltning, miljøvern og landbruk. Fråsegnene våre i dispensasjonssaker er difor i hovudsak avgrensa til desse områda. Fylkesmannen vil presisere at vi t.d. ikkje sjekkar ut eller gjev innspel om samfunnstryggleik i dispensasjonssakene.   

Fylkesmannen sine rutinar for handsaming av dispensasjonsaker
Vi vil effektivisere innsatsen når det gjeld handsaming av dispensasjons­søknader. Miljøvernavdelinga (MVA) og landbruksavdelinga (LA) held fram med å sende separate fråsegner i desse sakene. I fråsegnene til ein del saker (jf. konfliktnivå 2 under) vil vi vise til skrivet "Fylkesmannen sine merknader til dispensasjonssøknader"som ligg på heimesida vår under Plan og bygg < Arealforvaltning. Punkt 3 inneheld merknadene frå LA og punkt 4 inneheld merknadene frå MVA. Det er berre i konfliktsakene vi vil gje fråsegn med konkrete vurderingar.

Følgjande retningslinjer, ut frå konfliktnivå (1-3), vert lagde til grunn for Fylkesmannen si handsaming og prioritering av dispensasjonssaker på høyring:

  1. Kurante saker. Vi gjev ikkje fråsegn. Krava til kommunen si sakshandsaming (jf. pbl. og nml.) gjeld sjølvsagt også i desse sakene.
  2. Saker som er tvilstilfelle. MVA og LA gjev ei kort fråsegn med tilvising til skrivet "Fylkesmannen sine merknader til dispensasjonssøknader". Det kan vere aktuelt med klage dersom kommunen gir dispensasjon. NB! Viktig med konkrete og gode vilkår ved eventuell dispensasjon!
  3. Konfliktsaker. Vi gjev fråsegn med konkrete vurderingar. Dette er saker som er i konflikt med fagområda miljøvern eller landbruk, og der vi rår frå å gje dispensasjon. Kommunen må rekne med at vi som hovudregel vil klage på eit eventuelt positivt vedtak.

Frist for å gje fråsegn
Til saker under konfliktnivå 2 og 3 (jf. ovanfor) gjev vi fråsegn innan fire veker frå vi har motteke saka, dersom ikkje kommunen sjølv har opplyst om ein anna frist. Viss saka er mangelfullt opplyst eller utgreidd, vil fristen vår for å gje fråsegn/klage på saka bli rekna frå den datoen vi mottek nødvendige opplysningar og dokumentasjon frå kommunen (jf. at saka skal vere godt opplyst). I kurante saker der vi ser at vi ikkje kjem til å gje fråsegn (jf. saker under konfliktnivå 1) har vi som mål å gje tilbakemelding om dette innan 14 dagar.

Vedtak i kommunane
I dispensasjonssaker som har vore på høyring hjå Fylkesmannen, og som vi har gjeve fråsegn til, skal kommunen alltid sende vedtaket hit for klagevurdering. Vi vil understreke at vi ikkje skal ha tilsendt vedtak i saker som ikkje har vore på høyring hjå oss. 

Klage
Dersom eit vedtak vert påklaga, og kommunen ikkje tek klagen til følgje, skal klagen sendast Fylkesmannen for handsaming. Viss det er Fylkesmannen ved miljøvern- eller landbruks­avdelinga som har klaga, vil vi be Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å nemne opp ein setjefylkesmann for endeleg handsaming av klagen.

Framgangsmåte i saker som krev handsaming både etter plan- og bygningslova og jordlova

Dispensasjonssøknader som omfattar frådeling/omdisponering i LNF- område, krev løyve etter både jordlova og plan- og bygningslova. Mynde til å handsame alle omdisponerings- og frådelingssaker etter jordlova vart frå 2004 delegert til kommunane. Fylkesmannen er klageorgan på kommunen sine  vedtak etter jordlova. 

Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har saman vurdert kva som er den beste framgangsmåten i saker som krev handsaming både etter plan- og bygningslova og jordlova. Dette er nærmare utdjupa i Miljøverndepartementet sitt brev til fylkesmennene datert 4. mai 1998. Departementet nyanserer og utdjupar brevet frå 1998 i brev datert 07.03.2002.

Generelt vert det tilrådd at søknad om frådeling/omdisponering bør førehandsvurderast etter plan- og bygningslova før handsaming etter jordlova. Slike saker bør først drøftast internt i kommunen (til dømes landbruk, miljø, kultur) vedkomande spørsmålet om dispensasjon etter plan- og bygningslova kap. 19. Dersom  kommunen etter den «interne vurderinga» kjem fram til at det ikkje er grunnlag for å gje dispensasjon (jf. kriteria i pbl. § 19-2), vil det i utgangspunktet heller ikkje vere nødvendig å sende saka på høyring til statlege styresmakter. Det vil heller ikkje vere nødvendig med jordlovshandsaming, viss ikkje søkjaren sjølv krev dette. 

Dersom administrasjonen innstiller på å gje dispensasjon eller planutvalet ønskjer å gje dispensasjon i strid med administrasjonen si innstilling, bør saka vere best mogleg opplyst før høyring etter pbl. § 19-1. I slike tilfelle (når saka uansett må høyrast) er tilrådinga frå departementet at jordlovshandsaminga blir gjennomført før høyringa etter plan- og bygningslova.  

Sjølv om dette er den tilrådde framgangsmåten, syner praksis at kommunane handterer rekkefølgja ulikt. Dette kan ha å gjere med t.d. administrativ organisering og kapasitetsomsyn.  Kommunane står også fritt til sjølve å avgjere kva for vedtak som skal fattast først når eit tiltak både krev dispensasjon etter plan- og bygningslova og løyve etter jordlova.