Arealdelen

Arealdelen til kommuneplanen er eit verkty for å gjennomføre samfunnsdelen. Arealdelen skal vise samanhengen mellom samfunnsutviklinga som er handsama i samfunnsdelen og korleis areala samla sett bør disponerast for å løyse kommunen sine oppgåver og behov. Ved revisjon av arealdelen vil eit godt råd vere å gjere ein grundig jobb med å definere og  avgrense kva planrevisjonen skal omfatte. Dette vil gjere det lettare for kommunen å gjennomføre planarbeidet utan alt for stor ressursbruk og innan rimeleg tid.    

Publisert 29.01.2019

Oppdaterte kommuneplanar er eit viktig styringsverkty

Det er store forskjellar mellom kommunane i Vestland kor ofte kommuneplanen vert revidert, og kor oppdaterte planane er. Plan- og bygningslova føreset at kommuneplanen skal vurderast i løpet av kvar valperiode for å sjå om det er behov for endringar. Fleire kommunar har revidert kommuneplanen i løpet av dei siste åra og fleire kommunar er i gang med revisjon, men framleis er det kommunar som ikkje har revidert arealdelen til kommuneplanen på mange år.

Nokre kommunar har valt å utarbeide nye kommunedelplanar for dei delane av kommunen med størst utbyggingsbehov, framfor å oppdatere heile arealdelen. Det er positivt at kommunane utarbeidar og reviderer kommunedelplanar, men desse kan ikkje fullt ut erstatte arealdelen til kommuneplanen som overordna styringsverkty for heile kommunen.

Rettleiar til arealdelen av kommuneplanen 

Vidareføring av arealbruk i eldre planar

Når det gjeld vidareføring av byggjeområde som ikkje er utbygde eller reguleringsplanar som ikkje er realiserte ser vi det generelt som viktig at arealbruken vert vurdert opp mot endringar i areal- og miljøpolitikken, ny kunnskap om naturmangfald m.v. Byggjeområde eller reguleringsplanar som ikkje er utbygde, og som er i strid med ny/endra areal- og miljøpolitikk eller ny kunnskap, bør ikkje vidareførast frå gjeldande kommuneplan, men heller takast ut av planen. Vi gjer merksam på at motsegnretten til Statsforvaltaren mot eventuelle konfliktar med nasjonale eller viktige regionale interesser, også i slike vidareførte byggjeområde, ikkje er avskoren (jf. pbl. §§ 5-4 og 5-5).

Obligatorisk gjennomgang av eldre planar ved kommuneplanrevisjonar

For å sikre eit oppdatert plangrunnlag, må kommunen vurdere om eldre reguleringsplanar er i samsvar med nasjonale og regionale interesser ved vidareføring av eldre reguleringsplanar, altså ved bruk av omsynssone 910 i kommuneplanen. Samstundes med innføringa av den nye tiårsregelen i § 12-4, vart det derfor lovfesta at kommunane skal vurdere innhaldet i planane før slik vidareføring, for å avgjere om dei er i samsvar med nasjonale og regionale interesser. Ut frå omsyn til likskap og konsekvens i arealforvaltninga, er det til dømes vere uheldig å overfor innbyggjarane å vidareføre eldre planar som ikkje er utbygde, samstundes som liknande prosjekt i dag vert avslått, eller ikkje fremja som planframlegg av kommunen. Kravet om miljørevisjon er derfor gjort obligatorisk ved bruk av sone 910.

Kravet gjeld ikkje der kommuneplanen går føre ved eventuell motstrid, jf. hovudregelen i plan- og bygningslova § 1-5. I desse tilfella er det tilstrekkeleg at kommuneplanen sjølv byggjer på eit forsvarleg kunnskapsgrunnlag, og er vurdert som akseptabel ut frå lokale, regionale og nasjonale interesser. I den grad eldre reguleringsplanar (utan sone 910) er i konflikt med nye og oppdaterte krav, vil desse bli sett til side av dei nye kommuneplanføresegnene.

Dersom kommunen ikkje ser seg tent med miljørevisjon etter § 11-8 (3) f, eller manglar ressursar til å gå gjennom reguleringsplanane, kan eit alternativ vere å vedta kommuneplanen utan å bruke sone 910. Dei gamle reguleringsplanane gjeld i så fall framleis, men berre så langt dei ikkje er i strid med nytt planverk, jf. § 1-5 og Prop. 121 L (2013-2014) pkt. 3.4.3.

Miljørevisjon inneber ikkje noko krav om ordinær planprosess etter § 12-14. Det er i utgangspunktet tilstrekkeleg at kommunen gjer ei overordna vurdering av planane som skal vidareførast med sone 910, opp mot nasjonale og regionale rammer og mål. Av omsyn til medverknad bør vurderinga syne att i planomtalen, jf. § 4-2, eller i anna grunnlagsdokument eller vedlegg til kommuneplanen. Ved bruk av sone 910 må kommunen uansett kunne dokumentere for ettertida at vurderingane i samsvar med § 11-8 (3) f, er gjort.

Det er eit krav i plan- og bygningslova om at plangrunnlaget skal vere oppdatert, og i samsvar med nasjonale og regionale interesser.

Tips til arbeidet med arealdelen

Grunnlaget for gode planprosessar vert lagt allereie i starten, og eit godt råd er å investere tid og ressursar i ein tidleg fase av planarbeidet. Dette kan ofte lønne seg ved at planprosessen vil kunne gå raskare og at plankvaliteten vert betre.

Arealdelen til kommuneplanen er omfatta av plan- og bygningslova sitt krav om konsekvensutgreiing. Det vil seie at det ved utarbeiding, revisjon og endringar i arealdelen, skal utarbeidast forslag til planprogram som skal leggjast til grunn for det vidare planarbeidet. Dette gjeld sjølv om det ved varsel om oppstart av planarbeidet ikkje er konkrete forslag til nye byggjeområde.

Rettleiar om konsekvensutgreiing av arealdelen til kommuneplanen

Revisjon av arealdelen, med dei krava som er stilte til utgreiingar og analysar, kan vere ein omfattande jobb. Det er difor svært viktig å med utgangspunkt i samfunnsdelen bruke planprogrammet til å definere og avgrense kva som skal vere innhaldet i revisjonen av arealdelen. I dette arbeidet vil det vere viktig å avklare kva slags byggjeformål og utvikling den aktuelle kommuneplanrevisjonen skal leggje til rette for. Her kan kommunen vere så konkret som å skrive at formålet med revisjonen er å leggje til rette for t.d. bustader og næringsareal. Ei konkret avgrensing av revisjonsarbeidet vil vere nyttig både for kommunepolitikarar, for sentrale styresmakter og for private.

Kommunen får i samband med revisjon av arealdelen som regel inn eit stort tal private ønskje om utbygging til ulike formål. Viss innahaldet i revisjonsarbeidet ikkje er definert eller avgrensa vil det kunne opne for private innspel om alle typar utbyggingsformål. Gitt at kommunen i samband med oppstart av planarbeidet og i planprogrammet t.d. ikkje har med hyttebygging som tema for revisjonen, vil det venteleg avgrense talet på private innspel om nye hytteområde. Viss det likevel kjem innspel om hytteområde, kan kommunen enkelt avvise desse med tilvising til avgrensinga av revisjonen nedfelt i planprogrammet. Ei slik avgrensing og presisering på kva revisjonen av arealdelen skal omfatte vil gjere det lettare for kommunen å klare å gjennomføre planarbeidet utan alt for stor ressursbruk og innan rimeleg tid.

For utarbeiding og høyring av planprogram viser vi til §§ 5 og 6 i Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven, og til vedlegg IV om ”rammer for innhold i konsekvensutredningen”, der eksempel på viktige vurderingstema er lista opp. I planprogrammet for arealdelen skal planprogrammet skilje mellom utgreiing av enkeltområde og utgreiing av planen samla. Planstyresmakta skal klargjere kva for dokumentasjon som skal følgje nye innspel til byggjeområde. I forskrifta § 7 går det fram kva eit planforslag med konsekvensutgreiing skal innehalde.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.