Oppstart av arbeid med frivillig skogvern i fire område i Sogn og Fjordane

Etter ønskje frå grunneigarane melder Fylkesmannen formell start av arbeid med frivillig skogvern i Bremanger, Flora og Gulen. Frist for å kome med innspel er 3. april 2019.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.03.2019

Vernearbeidet omfattar område i Bremanger, Flora og Gulen

Vernearbeidet omfattar etablering av Gaddeskogsvatnet naturreservat og Bugen naturreservat som båe ligg i Bremanger kommune, Bogane naturreservat som ligg i Flora kommune, og Hisarøyna naturreservat som ligg i Gulen kommune. Til saman utgjer dei fire områda om lag 4025 dekar.

Nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald

Det er eit nasjonalt mål å redusere tapet av naturmangfald, og som eit leidd i dette har regjeringa eit langsiktig mål om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med om lag 2,6 prosent av skogen verna i Sogn og Fjordane, er vi enno langt unna det målet.

Registrert store naturverdiar

Det er registrert store naturverdiar i alle dei fire områda. For nærare informasjon om dette sjå Fylkesmannen sine brev for kvart område, der det er ei skildring av naturverdiane som ligg til grunn for arbeidet med skogvern i området. Framlegga til vernegrenser er baserte på ønskje frå grunneigarar som har tilbode areal, og dokumenterte naturkvalitetar i området.

Ønskjeleg med innspel

Det er ønskjeleg med innspel til arbeidet med frivillige skogvern, slik at prosessar og tema kan verte så opplyst som mogleg. Når eventuelle innspel til denne oppstartmeldinga er vurdert, vil Fylkesmannen sende eit meir detaljert framlegg til vern på høyring. Det vil verte ein frist for innspel til høyringa på om lag to månader.

Innspel til oppstartmeldinga kan sendast med brev til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller med e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no.

Frist for å kome med innspel er sett til 3. april 2019.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.