Frivillig skogvern av fem område i Hordaland

I dag vart 46 skogområde verna ved kongeleg resolusjon, og fem av desse ligg i Hordaland. 

Vernet omfattar naturreservata Steinen og Sæteråsen i Fusa, Håvikevatnet, og Austefjorden og Blånuten naturreservat i grenseområda mellom Fusa og Kvinnherad, og Gripakletten naturreservat i Meland.

Områda utgjer totalt om lag 16 200 dekar og derav om lag 13 300 produktiv skog.

Berre 2 prosent av skogen verna i Hordaland

I dag vart ein milepåle nådd. 46 skogområde rundt om i landet vart verna. No er over 5 prosent av skogen i Noreg. Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit leidd i dette har regjeringa eit langsiktig mål om vern av 10 prosent av skogen. Med berre drøye 2 prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Hordaland.

 Asbjørn Gripsgård viser fram parti med eldre naturprega skog på Gripakletten i Meland. Foto: Magnus Johan Steinsvåg / Fylkesmannen i Vestland

Frivillig skogvern

I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Dersom det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Dei verneframlegga som det no vert meldt oppstart om er alle fem resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern. Les meir om frivillig skogvern på http://frivilligvern.no.

Viktig Vestlandsnatur

Austefjorden og Blånuten omfattar skogområde i dei svært utilgjengelege områda sør for Geitaknottane naturreservat og vidare vestover på begge sider av Austefjorden. Området er ein del av eit større og relativt urørt skoglandskap, som strekk seg frå fjord til fjell. Området har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar, med vestnorsk regnskog, eldre furuskog og rikmyr. Arealet er om lag 7 180 dekar.

Steinen vart vurdert som svært verneverdig i samband med verneplan for barskog i 1992, men vart ikkje tatt med i det endelege vernearbeidet då. Området utgjer eit småkupert platå på mellom 300 og 400 meter på mest næringsfattig jord. Skogen er nok også derfor gamal, naturprega og er lite påverka av inngrep. Furuskog dominerer, men i nord er det innslag av vestnorsk regnskog og i sør rik edellauvskog. Arealet er om lag 1 200 dekar.

Gripakletten vart også vurdert i verneplan for barskog i 1992, men kom ikkje heilt opp på grunn av hogst i søndre delar av området. Ny kunnskap har kome til, og i 2014 vart det gjort ny kartlegging i området. Det vart registrert fleire førekomstar av vestnorsk regnskog og fleire trua artar knytt til denne skogtypen som vi har eit særleg forvaltaransvar for. Arealet er om lag 470 dekar.

Sæteråsen omfattar skogområde frå Sæteråsen ved Lygrepollen og område nord for Revurefjellet og vidare nordover til Yddal naturreservat. Føremålet med vern vil vera å ta vare på ein eldre furuskog representativ for midtre delar av Hordaland. Området har stor variasjon av natur - og vegetasjonstypar med gamal kystfuruskog, gamal lauvskog og bekkekløft. Arealet er om lag 4 450 dekar.

Håvikevatnet ligg på grensa mellom Fusa og Kvinnherad kommune. Areala omfattar austlege delar av Håvikvatnet. Også dette området vil vera ein del av eit større skoglandskap, og har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar, med m.a. fleire former for vestnorsk regnskog, eldre furuskog, rik edellauvskog, rikmyr og varmekjær kjeldeskog. Arealet er om lag 2 949 dekar.

Kart over verneområda ligg på miljostatus.no.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Kva betyr det at eit område er verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.