Søndag startar lisensjakta på ulv

Perioden for lisensjakt på ulv er endra og startar i år 1. desember, og varer fram til og med 31. mai 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.11.2019

Rovviltnemnda i region 1 har vedteke at det kan fellast tre ulvar i regionen (Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder) i perioden 1. desember 2019 til og med 31. mai 2020. Vedtaket til rovviltnemnda finn du i Miljøvedtaksregisteret.

Ulvespor registert i midten av november

I Sogn og Fjordane er lisensjakt på ulv mest aktuelt i kommunane Hyllestad, Fjaler og Høyanger. Her har ein hannulv hatt tilhald sidan sommaren 2018 og har gjort skade på sau i desse kommunane. Sikre ulvespor er registrert på Norddalsheia i Fjaler kommune i midten av november 2019.

Krav om personleg lisens

For å delta i lisensfelling er det krav om personleg lisens frå Jegerregisteret. For å få lisens må ein vere fylt 18 år, ha betalt jegeravgifta for 2019 og ha overhalde rapporteringsplikta, jamfør forskrift om forvaltning av rovvilt § 16.

Andre krav til lisensjakta:

  • Det krevst løyve av grunneigar
  • Oppdatert informasjon om kvote blir lagt ut på tlf. 51568900 (telefonsvarar). Alle jegerar pliktar å halde seg orienterte om kvoten som er att.
  • Felt dyr skal straks meldast til Fylkesmannen på tlf. 48143095 og Statens naturoppsyn tlf. 48094364. Felt dyr skal synast fram for Statens naturoppsyn for kontroll. Den som skyter på ulv utan at han blir felt pliktar å melde frå straks til Fylkesmannen, Statens naturoppsyn og politi. Fylkesmannen avgjer korleis det vidare ettersøket skal gjennomførast.
  • Rifle er tillate ved lisensfelling av ulv. Sjå elles viltlova sine føresegner for mellom anna utøving av jakt, felling og fangst (forskrift av 22. mars 2002, sist endra 16.05.2012).
  • Irregulær avgang eller skadefelling gjennomført etter nemnda sitt vedtak blir belasta kvoten.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.