Vi vil fjerne minken på Fedje

Mink.
Mink. (Foto: Magnus Johan Steinsvåg)

Statens naturoppsyn og Fylkesmannen i Vestland samarbeider om å fjerne mink i Fedje kommune. Arbeidet startar opp i februar. Målet er å ta ut mest mogleg mink før han ynglar.

Mink er ein framand og uønska art i Noreg som har si naturlege utbreiing i Nord-Amerika. På sommaren er store deler av dietten til mink fugleegg og fugleungar, og ein mink med ungar kan ete hundrevis av egg og ungar i løpet av ein sesong. Mink er derfor ein stor trussel mot fuglelivet.

Minken svømmer lett over store avstandar, men det er mogleg å fjerne all mink frå øyer og øygrupper der det er langt til fastland, som på Fedje. Dette gjerast med bruk av trente hundar som effektivt finn minken, som så blir skoten. I tillegg blir det sett ut minkfeller.

Uttaket blir gjennomført av Statens Naturoppsyn (SNO). SNO har hatt aksjonar mot mink på øyane nord i Fedje kommune sidan 2014, der mellom anna Innesøyane naturreservat ligg. I 2014 vart det teke ut 9 mink frå Innesøyane, og sidan har desse øyane vore minkfrie.

Målet er å utrydde mink permanent i heile Fedje kommune, både på hovudøya og på holmar og øyar elles i kommunen. Dette vil mellom anna innebere bruk av hund og våpen på privat grunn. Vi har ikkje hatt høve til å kontakte kvar einskild grunneigar om tiltaket, men lokalsamfunnet er varsla gjennom kommunen og media. Om tiltaket blir vellukka på sikt, vil Fedje bli det første samanhengande kystområdet i fylket der minken er utrydda ved målretta tiltak.

Kontaktpersoner