Tilskot til tiltak mot framande artar

Ønskjer du å fjerne framande artar? Lag og personar kan søke om økonomisk støtte til arbeidet, med frist 15. januar

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2019

Framande, skadelege artar spreier seg i stadig større omfang frå avfallshaugar og hagar, og gjennom flytting av jord. Mange ønskjer å fjerne slike førekomstar, og det finst økonomiske støtteordningar for arbeidet.

Kravet til søkarane er at dei må ha organisasjonsnummer. Det betyr at dersom du er gardbrukar eller annan næringsdrivande, eller søkjer på vegne av eit lag eller ein organisasjon, kan du få dekt arbeidstimar og innkjøp av utstyr. Søknadsfristen er 15. januar.

Nærare om tilskotsordninga:
Tilskotsordninga skal bidra til å hindre at framande, skadelege artar får negativ verknad på naturmangfaldet. Målgruppe for ordninga er regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder. Offentlege aktørar (t.d. kommunar) er ikkje i målgruppa for ordninga.

Tiltak som kan få tilskot:
   - Tiltak for å nedkjempe framande, skadelege organismar
   - Informasjon
   - Kartlegging og overvaking av framande, skadelege organismar

Ved handsaming av søknader om tilskot blir det lagt vekt på i kor stor grad søknaden støtter opp under gjeldande prioriteringar i arbeidet mot framande, skadelege arter. Det vil også bli lagt vekt på i kor stor grad tiltaket medverkar til å ta vare på naturmangfaldet.

Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter, der du får rettleiing om kva som må stå i søknaden.

Ta gjerne kontakt med Fylkesmannen dersom det er noko du lurer på:
   - Olav Overvoll (Hordaland) 55 57 23 15
   - Tore Larsen (Sogn og Fjordane) 57 64 31 26

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.