Kartlegging av naturtypar i Hordaland og Sogn og Fjordane

Sommaren og hausten 2019 blir det gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Lærdal, Bergen, Kvinnherad, Os og Tysnes kommunar.

Gamle almetre er viktige for naturmangfaldet.JPG

Gamle almetre er viktige for naturmangfaldet.JPG

Oppdraget

Fylkesmannen har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av naturtypar i 2019. Det er m.a. lagt vekt på område der ein antar at det kan finnast truga eller sjeldne naturtypar, og område med stort utbyggingspress. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Fylkesmannen som grunnlag for å prioritere kva område som skal kartleggast i 2019.

Aktuelle kommunar har blitt informert om kartlegginga. Kartlegginga vil òg bli annonsert i lokalaviser. For å nå ut til flest mogleg landbrukseigedomar, vil vi sende ut brev pr. e-post til aktuelle landbrukseigedomar i registeret for produksjonstilskot.

Føremål

Føremålet med kartlegginga er å få betre og meir nøyaktig oversikt over område med verdifull natur, m.a. til bruk i kommunen si arealplanlegging. Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ønskjer å søkje om tilskot til tiltak for trua natur i kulturlandskapet.

Metode

Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har plukka ut 105 naturtypar for kartlegging. Dei fleste av desse er raudlista i Norge, medan resten er viktige leveområde for truga og nær truga artar.

Ansvarlege for den praktiske kartlegginga i Vestland er Ecofact SørVest AS og Norconsult AS.

Fem område i Hordaland og Sogn og Fjordane skal kartleggast

Kart over områda finn du her. Områda som skal kartleggast er:

1) Lærdal kommune: Lærdalen

2) Os kommune: området Røtinga – Lepsøy – Storum – Halhjem

3) Tysnes kommune: området Hodnanes – Skorpo – Espevik – Krokavik

4) Bergen kommune: området Espeland – Skage

5) Kvinnherad kommune: området rundt Nettlandsvågen ved Hatlestrand

Områda 1-3 blir kartlagt for førte gong etter NiN-systemet. Område 4-5 vart òg kartlagt i 2016, men skal kartleggast på nytt etter revidert metodikk.

Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli allment tilgjengelege i Naturbase.

Ferdsel på innmark

All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.

Der det skal kartleggast område som inneheld innmark, til dømes beitemark eller gammal slåttemark, kan det vere behov for ferdsel på innmarksareal. Om det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, eller du ikkje gir samtykke til ferdsel på innmark, kan du ta kontakt med Fylkesmannen før kartlegginga startar opp.

Kartlegging i verneområde

Også eit utval verneområde blir kartlagt etter NiN-systemet i 2019:

  • Kvernavatnet naturreservat, Austevoll kommune
  • Fjøsanger landskapsvernområde, Bergen kommune
  • Fjøsanger naturminne, Bergen kommune
  • Langebudalen naturreservat, Etne kommune
  • Kvanndal naturreservat, Granvin herad
  • Folkedal naturreservat, Granvin herad
  • Joberget naturreservat, Granvin herad
  • Uranes naturreservat, Granvin og Kvam herad
  • Gullbergnotten naturreservat, Jondal kommune
  • Vangdalsberget naturreservat, Kvam herad
  • Eidesvatnet naturreservat, Kvam herad
  • Hattebergsdalen landskapsvernområde, Kvinnherad kommune
  • Ænesdalen landskapsvernområde, Kvinnherad kommune
  • Varaldsøy naturreservat, Kvinnherad kommune
  • Tveitabotn naturreservat, Kvinnherad kommune
  • Holmedalsberget naturreservat, Kvinnherad kommune
  • Vollom naturreservat, Lindås kommune
  • Storsøy naturreservat, Stord kommune
  • Fadnesskaret naturreservat, Voss kommune
  • Ullensvang naturreservat, Ullensvang herad
  • Åkre og Vikane naturreservat, Ullensvang herad

Dokumenter