Status for støy frå Hanøytangen næringsområde

Sidan 19. april 2020 har det vore ei betydeleg auke i klager på støy frå Hanøytangen næringsområde. Her følger ei oversikt over kva Fylkesmannen førebels har gjort i saka. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.07.2020

Fylkesmannen er miljøvernstyremakt for Semco Maritime AS (Semco) gjennom kapittel 29 i forureiningsforskrifta om forureining frå skipsverft, og gjennom regulering av NorScrap West AS (Norscrap) som avfallsanlegg ved løyve etter forureiningslova § 11. 

Regulering av Semco

Forureiningsforskrifta kapittel 29 regulerer anlegg som utfører vedlikehald og driv med mekanisk overflatebehandling av skip/riggar mv. som ikkje er regulert med eige løyve etter forureiningslova. Semco har ikkje eige løyve etter forureiningslova og må difor overhalde støygrensene i forskrifta og krava til dokumentasjon av støy, jf. §§ 27-7, 27-8 og 27-9.

Varsel om pålegg, oppdatert støyrapport og pålegg om opplysingar og tiltak

I samband med høyring av reguleringsplanen for Hanøytangen fekk Fylkesmannen oversendt ein støyrapport utarbeida av Asplan Viak i 2018. Uavhengig av pågåande handsaming av planforslaget for området, men basert på støyrapporten, vurderte vi at Semco i nokre driftssituasjonar ikkje overheld støykrava i kapittel 29. Vi trengte meir opplysingar om omfanget av desse driftssituasjonane, og varsla pålegg om opplysingar og undersøkingar av støysituasjonen med frist for tilbakemelding 20. juni.

Fylkesmannen fekk tilsendt ny støyrapport 4. juni, oppdatert mellom anna med utfyllande beskriving av støy frå riggane, støysonekart utan støy frå rigger, og lister over antall bustader og fritidsbustader der fasadenivå ligg i gul eller raud støysone.

Nokre av punkta i varsel om pålegg vart ikkje besvart med rapporten, og 29. juni sendte vi difor ut pålegg om støytiltak, opplysingar og støydokumentasjon. 

Tilbakemelding frå Semco 

13. juni fekk Fylkesmannen svar frå verksemda, der dei svarer ut varsel om pålegg og pålegg. Frå tilbakemeldinga kan vi lese at følgande skjermingstiltak er sett i verk:

  • pålegge riggar med hjelpemotorar i gong, fortøydd ved sørlege kaiar (20 m og 17 m kai), å fortøye slik at støykjelde vender mot sør dersom mogleg
  • tiltak ombord på rigg for å unngå topp belastning (dermed redusere for behov tall hjelpemotorar i drift på same tid)
  • tekniske endringar om bord; kva hjelpemotor forårsakar minst støy
  • leige av større landstrømsanlegg

Veksemda melder elles at riggen Deep Sea Stavanger drog fra Hanøytangen 29. juni. Per 10. juli er følgande riggar på staden:

- Haven: blir til 31. desember, er kopla til landstrøm

- West Bollsta: blir til 31. oktober, går på hjelpemotor

Relevante dokument ligg til høgre på sida

Varsel om pålegg, oppdatert støyrapport med vedlegg, pålegg og tilbakemelding frå verksemda 10. juli ligg til høgre på sida. 

Regulering av Norscrap

Norscrap har som nemnt løyve frå Fylkesmannen til drift av avfallsanlegg på Hanøytangen, løyvenr. 2017.0864.T. I løyve er verksemda regulert gjennom støygrenser og driftstid. På bakgrunn av løyve vart det utført ei støyvurdering av Norscrap si verksemd på Hanøytangen, og laga ein tiltaksrapport med vurdering av støytiltak. 

Rapportane konkluderte med at det var ein uteplass med støynivå over grenseverdiane, der det difor ville vere naudsynt med tiltak for å overhalde krav i løyve og i T-1442 (retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging). 

1. juli gjennomførte Fylkesmannen eit tilsyn saman med Miljødirektoratet, og støy og samordning var to av fleire tema under tilsynet. Rapporten frå Miljødirektoratet ligg til høgre på sida. Rapporten frå Fylkesmannen er under arbeid, og vil bli lagt ut på norskeutslipp.no når den er ferdig. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Om gule og raude støysoner

Retningslinja for behandling av støy i arealplanlegging, T-1442/2016, anbefaler at støy frå verksemder vert presentert som gul og raud støysone, vist i kart for å visualisere utbreiinga av støy.


Gul sone vert beskrive som et areal der det som hovudregel ikkje bør etablerast nye bustader/fritidsbustader, med mindre bygningane vert dimensjonert særskilt for å ta omsyn til støy. Raud sone vert beskrive som eit areal som ikkje er eigna til å oppføra nye bustader/fritidsbustader.

Noko støy er lov

Ved eit støynivå som tilsvarer Lden 55 kan ein forvente ein plagegrad på rundt 20 %, i følgje den internasjonale støyplageindeksen. Det er altså tillate med støy som fører til ein viss plage.