Miljøvennlege småbåthamner

For mange er ingenting betre enn å setta seg i båten og dure av garde, og det er kanskje ekstra aktuelt denne sommaren. Med båthald følgjer det òg eit ansvar, og båteigarar og småbåthamner har eit spesielt ansvar for den forureininga som kan oppstå i ei småbåthamn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.07.2020

Forureining kan kome frå spyling og vedlikehald av småbåtar

Hovudkjelda til forureining frå småbåthamner er spyling og vedlikehald av skrog i hamna. Frå båtpussen oppstår ulike typar farleg avfall, både brukte kjemikal som spillolje og frostvæske, og restar frå sjølve pussen, som slipestøv, malingsrestar og restar av botnstoff.

 

Farleg avfall frå småbåtar

Farleg avfall som kan oppstå frå drift og vedlikehald av småbåtar, kan mellom anna vere

  • spillolje, motoroljer og smørjeoljer (bør haldast atskilt frå olje med vatn, så blir det billigare å levere på grunn av refusjonsordninga)
  • oljeforureina masse og vatn med olje-/dieselrestar, for eksempel frå botn av båtar
  • oljefilter, bensinfilter og dieselfilter
  • blanda drivstoff
  • bly- og andre batteri
  • målingsrestar, løysingsmiddel, fugemassar, avskrapt botnstoff, filler og kostar med måling/botnstoff
  • sprayboksar
  • elektrisk- og elektronisk utstyr (EE-avfall)

Småbåthamner må kunne ta imot alt avfall frå båtturen

Det er viktig at avfall ikkje kjem på avvege. Ei småbåthamn skal kunne ta imot alt avfall frå båtturen som fritidsbåtar vil levere, jf. forureiningsforskrifta kapittel 20. Der det er behov for levering av til dømes oljeavfall, skal det vere mottaksordningar for dette.

 

Hamneansvarleg skal ut frå behovet for levering, sørge for etablering og drift av mottaksordningar for avfallet. For nokre hamner kan dette bety å vise til gjenvinningsstasjonen som ligg like ved, medan for andre betyr dette at dei må etablere og drifte mottak av ordinært og farleg avfall i hamna. 

 

Alle hamner må ha godkjent avfallsplan

Alle hamner må ha ein plan for handtering av avfall i hamna, og i 2013 kom kravet om at avfallsplanen skal sendast inn til Fylkesmannen for godkjenning, jf. forureiningsforskrifta kapittel 20. Alle kystkommunar har ansvar for å lage og revidere ein felles plan for alle hamner som hovudsakleg mottek avfall frå fritidsbåtar. Dei hamnene som ikkje er inkludert i kommunen sin felles avfallsplan må sjølve sende inn eigne planar til Fylkesmannen. Avfallsplanen skal vurderast og sendast til Fylkesmannen for ny godkjenning minst kvart tredje år.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.