Meldeskjema for asfaltverk

Før oppstart eller endring av drift av asfaltverk må verksemda sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema, og må sendast inn i god tid før oppstart.

Publisert 11.01.2019, Sist endret 05.02.2021

Forureining frå asfaltverk er regulert av forureiningsforskrifta kapittel 24

Meldeplikt for asfaltverk

Verksmeder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Statsforvaltaren. På skjemaet, som ligg til høgre på sida her, skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, ev. mellomlagring av returasfalt, reinseanlegg, støvflukt og støy. 

Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Statsforvaltaren, med mindre Statsforvaltaren avgjer noko anna.

Gjeld verksemder som produserer under 200 tonn

Skjemaet gjeld for mobile og stasjonære asfaltverk med ein produksjonskapasitet på inntil 200 tonn vegmasse per time. Anlegg med produksjon på same stad i inntil 2 år vert rekna som mobilt asfaltverk.

Nokre anlegg må ha utsleppsløyve

Asfaltverk med produksjonskapasitet over 200 tonn vegmasse per time, eller som ligg for nær bustad- eller naturområde, må ha løyve frå Statsforvaltaren etter forureinsningslova.

Statsforvaltaren kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at også andre verksemder må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.