Låge fangstar av laks og sjøaure

Det var låge fangstar av både laks og sjøaure i elvane i Sogn og Fjordane i 2018.

Lite sjøaure

Det vart til saman fanga 1 807 sjøaurar (3,3 tonn) i elvefisket i Sogn og Fjordane i 2018, og av desse vart 884 individ (1,4 tonn) avliva (figur 1). Halvparten (51 %) vart sett ut att i elva i 2018. Samla fangst målt i vekt er på nivå med dei siste åra, men prosent utsett fisk er det høgast registrerte. Fangst i dei enkelte elvane er vist i dokumentet «Fangst av sjøaure i elvane i 2018».

Figur 1. Fangst av sjøaure i vassdrag i Sogn og Fjordane i totalvekt (kg). Frå 2009 er gjenutsett fisk inkludert i statistikken.

Figur 1. Fangst av sjøaure i vassdrag i Sogn og Fjordane i totalvekt (kg). Frå 2009 er gjenutsett fisk inkludert i statistikken.

Låge laksefangstar i elv

Det vart fiska til saman 4 048 laks (18,6 tonn) i elvane i Sogn og Fjordane i 2018 (figur 2 og 3). Dette er ein nedgang på 12,9 tonn frå året før då det vart fanga 31,5 tonn fordelt på 5 784 individ. Eidselva hadde størst samla fangst av laks i 2018, men mengda var redusert frå 2,9 tonn i 2017 til 2,1 tonn i 2017. Lærdalselvi hadde ein reduksjon på om lag 3 tonn trå 2017. Oversikt over fangst i dei enkelte elvane er vist i dokumentet «Fangst av laks i elvane i Sogn og Fjordane i 2018».

Figur 2. Fangst av laks i vassdrag i Sogn og Fjordane i totalvekt (kg). Frå 2009 er gjenutsett fisk inkludert i statistikken.

Figur 2. Fangst av laks i vassdrag i Sogn og Fjordane i totalvekt (kg). Frå 2009 er gjenutsett fisk inkludert i statistikken.

I 2018 vart det fanga om lag like mange laks som i 2008 og 2009, men det var færre smålaks (figur 3). Tal smålaks var på nivå med året før, og sidan 1993 er det berre i 2007 det vart fanga færre smålaks. I 2018 vart 18 prosent smålaks, 33 prosent mellomlaks og 52 prosent storlaks sett ut att.

Figur 3. Elvefangst av laks i Sogn og Fjordane frå 1993 til 2018 fordelt på storleiksklassar. Frå 1993 er laksefangsten fordelt på tre storleiksgrupper, og frå 2009 er også gjenutsett fisk inkludert.

Figur 3. Elvefangst av laks i Sogn og Fjordane frå 1993 til 2018 fordelt på storleiksklassar. Frå 1993 er laksefangsten fordelt på tre storleiksgrupper, og frå 2009 er også gjenutsett fisk inkludert.

Lågt lakseinnsig

Medrekna sjølaksefisket vart det til saman avliva 18,8 tonn laks i Sogn og Fjordane i 2018 (figur 4), fordelt på 7,5 tonn i sjøen og 11,3 i elvane. I tillegg vart det fanga 7,2 tonn laks i elvefisket som vart gjenutsett. Samla fangst, inkludert gjenutsett laks, var dermed 26 tonn i 2018. Dette er om lag 10 tonn mindre enn i 2017, og det lågaste sidan 2010. Fangsten i sjøen utgjorde 40 % av all avliva fisk, og dette er på nivå med 2008 og 2009. Fangstane viser at innsiget av laks er lågt samanlikna med innsiget på 80-talet. Sjå http://www.ssb.no/sjofiske/ for meir informasjon om sjølaksefisket og lakseregisteret for historiske fangstar i kvar enkelt elv.

Figur 4. Fangst av laks i totalvekt (kg) i Sogn og Fjordane frå 1983 til 2018 fordelt på elve- og sjøfiske.

Figur 4. Fangst av laks i totalvekt (kg) i Sogn og Fjordane frå 1983 til 2018 fordelt på elve- og sjøfiske.