Ny forskrift om bruk av betong og tegl frå riveprosjekt

Frå 1. juli 2020 er bruk og disponering av betong og tegl frå riveprosjekt regulert i kapittel 14A i avfallsforskrifta. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.07.2020

Nytt kapittel i avfallsforskrifta

Frå 1. juli 2020 er det avfallsforskrifta kapittel 14A som legg føringar for disponering av betong og tegl frå riveprosjekt. Føremål med endringa er å fremme gjenvinning av dette avfallet, og å fjerne og destruere PCB. 

Massane kan fortsatt berre brukast dersom dei erstattar andre material som elles ville blitt brukt, og elles følger krava i den nye forskrifta. Mellom anna skal innhald av ulike stoff ikkje vere over vedtekne konsentrasjonsgrenser og betongen skal ikkje vere tilsølt med kjemikal, jf. §§ 14a-4 og 14a-5.

Dokumentasjonskrav

Det er verdt å merka seg at forskrifta har krav om kartlegging av helse- og miljøfarlege stoff før riving, og kartleggjinga skal utførast av nokon ned miljøteknisk kompetanse, jf. § 14a-4 første ledd punkt a.

Den som bruker betong og tegl skal kunne dokumentere at krava i forskrifta vert stetta. Dette inneber at for kvart riveprosjekt skal det vere eit dokument som mellom anna omtaler kva for eigedomar betongen eller teglet kjem frå og kven som har kartlagt helse- og miljøfarlege stoff i massane. For fullstendig liste, sjå § 14a-7 i avfallsforskrifta

Bruk av massar som ikkje stettar krav i ny forskrift kan berre disponerast med løyve

Dersom massane ikkje oppfyller krava i forskrifta, kan dei berre brukast dersom ein har fått løyve frå forureiningsmynde etter § 11 i forureiningslova. 

Kommunen skal føre tilsyn

Det er kommunen som skal føre tilsyn med at krava i det nye kapittelet vert følgt. Dersom avfallet vert brukt i offentlege veganlegg er det derimot Fylkesmannen som er rette mynde. 

Rettleiing for bruk av massar

Miljødirektoratet har laga ei detaljert rettleiing for korleis forskrifta skal brukast. 

Rettleiinga erstattar faktaark M-14|2013 om disponering av betong- og teglavfall.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.