Søknad til klima- og miljøprogrammet 2020

Forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima. Søknadsfristen er 16. mars.

Fylkesmannen forvaltar midlane som går til fylkesvise tiltak. Ramma for 2020 er på kr 627 741. Utfylling av søknad gjerast i Altinn med innlogging via ID-porten. Trykk her for å kome til søknadsskjema.

Formålet med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø.
Prosjekta skal gje auka kunnskap om utfordringar og tiltak, effektive verkemiddel for næringa, god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og oppdatert rådgiving til næringa innan temaa klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø og kulturlandskap.
Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

  • At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald
  • Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, biologisk mangfald knytt til kulturmark, binding av karbon og produksjon av biogass
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og vareta produksjonsressursane

Kven kan søkje?

Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:

  • Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)
  • Fag- eller næringsorganisasjonar
  • Kommunar og andre føretak

For å kunne søkje, må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.

Prioriteringar i 2020

I 2020 vil prosjekt som medverkar til å styrke kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis bli prioriterte.

Prioritering av prosjekt som medverkar til å styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til klimautfordringar i jordbruket, og prosjekt som byggjer opp under satsinga på klima- og miljøvennleg teknologi vil halde fram i 2020. Det er eit stort behov for å styrke kunnskapen om potensialet for reduserte klimagassutslepp innan ulike produksjonssystem.

Det er òg behov for å framskaffe betre kunnskap om potensialet for, og verknadene av, lagring av karbon i jordbruksjord og kunnskap om lystgassutslepp frå jord. I tillegg er det ønskjeleg å styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til oppfølging av vassforskrifta, m.a. for å betre målrettinga av tiltaksgjennomføringa, og prosjekt som kan auke kunnskapen om pollinatorar i jordbrukslandskapet.

Aktuelle faglege tema kan til dømes vere:

Klimatilpassing

  • Gjødsling, jordpakking, hausting, dyre- og plantemateriale til endra klimatilhøve, dekkesystem for frukt og bær
  • Førebygging av skade på jord og avling; hydroteknikk, hausteutstyr, driftsopplegg

Klimagassutslepp og karbonbinding

  • Redusere utslepp av metan frå husdyr og husdyrgjødsel, lystgass frå jord og CO2 frå nedbryting av karbon i jord og frå fossile energikjelder i gardsdrifta
  • Karbonbinding i dyrka jord, t.d. i open åker der ein kan forvente god effekt
  • Samanheng mellom reduserte utslepp, god agronomi og økonomi

Naturmangfold og kulturminne i kulturlandskapet

  • Styrking og synleggjering av kulturlandskap og biologisk mangfald i kombinasjon med vanlig jordbruksdrift
  • God praksis for istandsetting og skjøtsel av kulturminne og verdifulle naturtypar, verneområde og prioriterte artar
  • Informasjon om landbruket sitt bidrag til naturmangfald, kulturlandskap og varetaking av kulturminne

Forureining til vatn, jord og luft

  • Prosjekt innan temaa gjødsling, lagring og handtering av husdyrgjødsel og biorest, bruk av plantevernmiddel, erosjon, arealavrenning og jordarbeiding, drenering og hydroteknikk, reduksjon av ammoniakkutslepp, potensialet for bruk av biogjødsel og kompost, kantvegetasjon og fangdammar
  • Tiltak som støtter opp om godkjente vassforvaltingsplanar
  • Faktabasert kunnskapsgrunnlag rundt forureiningskjelder og effekt av tiltak, for å kunne gje god oppslutning om naudsynte tiltak

Søknadsfristen er 16. mars.

All informasjon om søknad finn du på nettsida til Landbruksdirektoratet