Regionale miljøtilskot for Vestland 2020

Jordbrukslandskap, Utvik i Stryn kommune
Jordbrukslandskap, Utvik i Stryn kommune (Foto: Fylkesmannen i Vestland)

Gjennom regionalt miljøprogram for Vestland kan bønder søke tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, og miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. 

Oversikt over dei ulike miljøtilskota.

Kva er regionalt miljøprogram?

Regionalt miljøprogram for Vestland er fastsett av Fylkesmannen i samråd med bondelaget og bonde- og småbrukarlaget. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap, særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. I miljøprogrammet er det definert følgjande delmål:

  1. Eit ope og velstelt kulturlandskap
  2. Bratt jordbruksareal i aktiv drift
  3. God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
  4. Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
  5. Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
  6. Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
  7. Minst mogleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag

Regionale miljøtilskot

Eitt av hovudverkemidla i miljøprogrammet er dei regionale miljøtilskota, og søknadsinformasjon om og oversikt over dei regionale miljøtilskota finn du under.

Kven kan søke?

Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret og som er godkjende av Fylkesmannen i Vestland, kan søke om tilskot til drift av beitelag gjennom miljøprogrammet.

Korleis søke?

Søknaden kan leverast elektronisk via Altinn innan 15. oktober. Beitelaga har eigen søknadsfrist; 15. november. Det er kommunen som handsamar og godkjenner søknaden. Søkarar som av ulike grunnar ikkje kan levere søknaden elektronisk, kan levere papirsøknad til kommunen. Søknadsskjema, rettleiing for utfylling av elektronisk søknad og informasjon om tilskota er samla på Fylkesmannen si temaside for Regionalt miljøprogram, sjå www.fylkesmannen.no/vl/rmp

Førebelse tilskotssatsar 2020

Fylkesmannen, bondelaget og bonde- og småbrukarlaget ynskjer å styrke stølsdrift og beiting i utmark i Vestland. Den førebelse tilskotssatsen for stølsdrift er difor auka. Tilskot til beitelag er auka for småfe og redusert for storfe. Elles er det ingen endringar i førebelse tilskotssatsar samanlikna med 2019.

Førebels tilskotssats for drift av støl med mjølkeproduksjon:
Auke frå kr 60 000 per støl i 2019 til kr 80 000 per støl i 2020.

Førebelse tilskotssatsar for drift av beitelag:
Auke frå kr 20 per småfe i 2019 til kr 25 per småfe i 2020. Reduksjon frå kr 40 per storfe i 2019 til kr 35 per storfe i 2020.

Oversikt over regionale miljøtilskot for Vestland 2020

(NB! Tilskotssatsane er førebelse, endelege tilskotssatsar vert fastsett på grunnlag av søknadsmengde)