Produksjonstilskot og tilskot til avløsning ved ferie og fritid

Sauer kosar seg ute i sola
Sauer kosar seg ute i sola (Foto: Helen Haaland, Fylkesmannen i Vestland)

Produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ein fellesnemnar på fleire tilskotordningar som føretak med landbruksproduksjon kan søke på. For å ha rett på tilskot må føretaket vere registrert i Brønnøysundregisteret med eige organisasjonsnummer og drive vanlig jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedommar.

Det er to teljedatoar og to søknadsfristar i året,

  • Søknadsfrist 15. mars med teljedato 1. mars
  • Søknadsfrist 15. oktober med teljedato 1.oktober

Det er berre ei utbetaling i året basert på dei to søknadane, den er i februar året etter søknad.

Søknad kan leverast elektronisk eller på papir.

Søkjar er ansvarleg for at opplysningane på søknadsskjema er rette. Føretaket må disponere dyra og areala det søker tilskot for. Avvik mellom søknadstala og dei reelle tala kan medføre at deler eller heile tilskotet blir avkorta. Årleg vert 10 % av dei som søkjer tilskot kontrollerte.

Meir informasjon og regelverket for «Produksjonstilskudd og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid» ligg på heimesida til Landbruksdirektoratet eller ta kontakt med kommunen.