Skogfond

Bilde viser tre i skog
Skog på Bontveit. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Føremålet med skogfond er å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane. 

Avsetning av skogfond er heimla i skoglova. Skogfondet består av midlar som skogeigaren pliktar å setje av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Alle skogeigarar skal ha sin eigen skogfondkonto der midlane blir plassert.

Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, og å sikre viktige miljøverdiar i eigen skog.

Les meir om skogfond på Bondeboka.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 23.03.2021

Endra tolking for avsetting av skogfond ved erverv/ekspropriasjon av grunn til vegutbyggingar mm.

Landbruksdirektoratet har endra si tolking for avsetting av skogfond ved erverv/ekspropriasjon av grunn til vegutbygging mm. Avsetting av skogfond gjeld virke, ikkje grunnen.


Publisert 23.04.2020

Endra reglar for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige og bruk av skogfond

Landbruksdirektoratet har endra praksisen for bruk av skogfond for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige. Dei kan no nytte skogfond med skattefordel til også å dekke meirverdiavgifta på investeringa.