Kan skog i bratt lende minska trugsmål av naturfarar?

Skog som vern
Skog som vern (Foto: Simon Wollf)

Mange Vestlandskommunar har vore råka av, eller er i faresona for, naturkatastrofar. Skadane kan vera store, både for folk, hus og vegar. Me må vera førebudde på stadig aukande naturfarerisiko gjennom eit klima i endring, og med meir ekstremvêr.

20. februar var det frukostseminar i Bergen, med tema «Skogen sin funksjon i bratt terreng». Nærare 130 påmeldte ville høyra om skog og naturfarar. Fylkesmannen i Vestland, Bergen kommune, Husbanken, Høgskulen på Vestlandet, Bergen Arkitekthøgskole, Universitetet i Bergen og Hordaland fylkeskommune var arrangørar.

Bergen som pilotkommune

Bergen er pilotkommune for å sjå nærare på praktiske løysingar i utvalde skogsområde. Karen Tveit frå Bergen kommune understreka at stell av skog, tilpassa hogstform og gode planverktøy er avgjerande for å utnytta skogen sine funksjonar. Kommunen manglar i dag forvaltningsplan, men ynskjer sterkt å bruka fleire ressursar på skogforvaltning. Jan Ove Strand frå vaktlaget hjå Bymiljøetaten nemnde særleg det skremmande steinraset i Grønnlien i Bergen. Raset vart handtert og stoppa, men me må vera førebudde på fleire slike hendingar.

Lover og sunn fornuft

«Til syvende og sist handlar dette om politikk og pengar.», sa Rune Nordrum frå Landbruksdirektoratet, og medlem av Naturfareforum. Mange lover og forskrifter er skrivne for over 100 år sidan. Ein har alltid har vore klar over skogen sine vernefunksjonar. Sjølv om Skogbrukslova er ei såkalla «næringslov», definerer den òg omgrepet «vernskog». Den kan stilla konkrete krav til skogsdrifta, medan Plan- og bygningslova er meir utydeleg på dette punktet. Er det laga eit faresonekart, skal det visast som omsynssone i ein reguleringsplan og næringa må gjera seg kjent med desse. «I tillegg er det lov å bruke hovud og sunn fornuft», sa Nordrum.

Haavard Stensvand frå Fylkesmannen i Vestland

Haavard Stensvand frå Fylkesmannen i Vestland (Foto: Anne Catherine Fasmer Eide)

Samarbeid er avgjerande

Sektorovergripande samarbeid er viktig, men offentlege etatar elles må kjenna og ta ansvaret dei er tillagd. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse, som ikkje har vurdert klimaendringar, er ingen ROS-analyse, sa fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand hjå Fylkesmannen i Vestland.

Skogskjøtsel, samansetning av treslag og hogstformar kan styrka eller svekka funksjonane i skogen. Her trengst meir skogfagleg kompetanse. Demonstrasjonsområde i Bergen vil gje oss viktig kunnskap og erfaringar. Tilgjengeleg kunnskap, nettverk og regelverk må nyttast for å få gode planar og gode praktiske løysingar til samfunnet, skogeigaren og næringa sitt beste.

Video frå arrangementet