Historisk kveld i Baldersheim

Skog i Baldersheim
Skog i Baldersheim (Foto: Simon Wolff)

På eit kveldsmøte 27.02.19 i skogrike Baldersheim i Fusa kommune vart det skrive historie. 22 skogeigarar starta Revnestrand Fellesforvaltning Skog SA med eit hovudmål; å driva berekraftig skogbruk.

Prosjektleiar Gunnar Kleive og -gruppa hjå Fylkesmannen i Vestland har gjennom dei siste 2 åra jobba med prosjektet «Motiv skog – eigedomsoverbyggjande samarbeid». I nokre utvalde område med engasjerte skogeigarar ønskjer vi å etablere eit meir formalisert samarbeid mellom dei slik at ein kan nå felles målsetninga for eit større skogareal.

Stort oppmøte på skipingskveld for Revnestrand Fellesforvaltning Skog SA (foto: Dirk Kohlmann)

Stort oppmøte på skipingskveld for Revnestrand Fellesforvaltning Skog SA

Å drive berekraftig skogbruk er eit «litt slitt skildring» av dei måla skogeigarane har med dette. Det viktigaste med heile satsinga er å drive kunnskapsbasert skogbruk. Ikkje den enkelte skogeigaren aleine, men derimot heile laget, tek avgjersler for hogsttidspunkt og -form, planting, ungskogpleie, vegbygging. Det handlar om å drive målretta og etter ein plan over fleire generasjonar, om å bygge opp sunne og stormsterke skogar og om å dele på rekningar for større investeringar og felles inntekter. Skogen bør leverast til neste generasjon i betre stand enn no – dette må ein kunne kalla for meningsfult og klok forretningsskikk.

Desse skogeigarane i Baldersheim har nå inngått ei avtale med kvarandre. Dei vil opparbeide seg skogfagleg kompetanse i fellesskap og dei vil ta viktige vegval for medlemmene i laget.

Vi hjå Fylkesmannen ønskjer skogeigarane lukka til, er spente på det vidare arbeidet og vil hjelpa dei så godt vi kan.