Frå skogreising til avskoging til påskoging

Hogst ved Svartediket I Bergen
Hogst ved Svartediket I Bergen (Foto: Dirk Kohlman, Fylkesmannen i Vestland)

Kva er status for skogen på Vestlandet? Kva er dei klimarelaterte konsekvensane? Og korleis påverkar skogen og skogbruket klimaet? Sju spørsmål, sju svar.

1. Kva slags skog har vi, og kva er det totale skogarealet i Vestland fylke?

Skogreisinga i etterkrigstida har vore mykje diskutert. Skogen vart planta med føremål om å “byggje landet”. Med gode tilskot og gjennom bønder og skoleelevar si iherdige granplanting på kvar knaus, i bratte bakkar og på attgrodd innmark, kom skogen attende til Vestlandet.

Fakta er at vi i Vestland fylke har:

  • 7,51 mill. daa som vert rekna som skogareal, derav vert
  • 5,33 mill. daa omtala som produktiv skog (eigna for tømmerproduksjon, dvs. t.d. ikkje fjellkrattskog eller naboen sin granhekk)
  • 0,90 mill. daa er granskog (17% av det produktive skogarealet) og
  • 4,43 mill. daa er lauv- og furudominert areal (83%)
  • Granskogen er i gjennomsnitt ca. 45 år, dvs. i sin beste alder med god tilvekst

For den spesielt interesserte: Sitkagran utgjer ca. 0,14 mill. daa (2,5% av det produktive arealet).

2. Skogreisinga er daud – lenge leve skogreisinga?

Ikkje alle vart like nøgde med skogreisinga og spesielt ikkje med treslagsvalet. Gran og sitkagran vart sett i jorda under kritiske blikk frå naturvernrøynsla. Skogforskinga la derimot mest vekt på den fantastiske produktiviteten. Dette er historie. No høgg tømmerselskapa i desse skogane – delvis med høge kostnader i bratte lier og i skog som burde stått lenger. Og om ikkje det gjer situasjonen for det vestlandske skogbruket krevjande nok, er det slik at mange skogeigarar i dag vel å ikkje plante skog att, sjølv om planteplikta er forankra i skoglova.

Fakta er at vi i Vestland fylke:

  • Høgg kvart år i gjennomsnitt ca. 430 000 m3 tømmer, noko som gjev eit hogstareal på om lag 10 000 daa
  • Etter at skogen er hogd, vert ikkje meir enn 5500 daa planta att. Noko vert naturleg forynga, men vi går kraftig i minus.
  • Det vert nesten ikkje planta på nye areal
  • Det som vert planta er 95% gran

3. Men korleis bidreg denne skogen som klimaredningstiltak?

Skogen binder CO2 gjennom fotosyntesen. Trea tek CO2 ut av atmosfæren og lagrar karbon som biomasse. Døyr skogen, går mykje av karbonet ut i atmosfæren att ( i det korte, «grøne» kretsløpet), og noko vert lagra i jorda (i det lange, «svarte» kretsløpet). Mykje av det «svarte» kretsløpet har menneske øydelagt gjennom forbrenning av fossile ressursar. Vil vi stoppe global oppvarming, må bruk av fossilt karbon reduserast og erstattast med fornybare alternativ.

4. All produksjonsskog oppstår etter snauhogst og nyplanting på Vestlandet. Korleis har dette innverknad på CO2-bindinga?

Våre skogar lagrar meir karbon i jorda enn tropisk skog. Faktisk skjer 75% av karbonlagringa i skogsbotn gjennom eit samspel av sopphyfer og røter. Snauhogst av skog gjev eit karbontap mellom 7 – 22% frå jorda i perioden 10 – 30 år etter hogst. Så startar karbonopptaket opp att, sjå og spørsmål 6.

5. Kva er best for klimaet - granskog eller blandingsskog, lukka hogst eller flatehogst?

NIBIO-forskar og Klimakur2030-skribent Gunnhild Søgaard svarar slikt på dette: “Varig klimaeffekt får ein ved berekraftig forvaltning, dvs å hauste tømmer frå skogen og samstundes oppretthalde skogen sin produksjonsevne. Slik kan vi alltid kunne hauste råstoff som kan brukast til å erstatte fossile materialar.

Aktiv skjøtsel med einsaldra granskog kan såleis gje god og varig klimaeffekt, og vil vere god forvaltning. Det er ikkje dokumentert at fleiraldra skog med lukka hogst er betre for klima, men ikkje det motsette heller, at det er ei dårlegare løysning enn flatehogst. Begge hogstmetoder må brukast, men vi bør arbeide for meir kunnskap om korleis vi jobbar i fleirsjikta skog med lukka hogstar og kva slags effektar dette har.

Hugs, dette gjeld areal der vi skal drive aktivt skogbruk. Ikkje i all skog er det klimagunstig å drive skogbruk. Om hogst gjer at skogen sin produktivitet og si evne til å lagre karbon vert forringa eller at karbonlagra vert reduserte permanent, så er det ikkje klimagunstig å hogge. Det gjeld t.d. i vernskogane(*). Her bør det ikkje hoggast eller ein må ty til lukka hogst.” Takk til Gunnhild.

6. Og så den evige diskusjonen om kva er best for klimaet - vern eller bruk av skog?

Test. Test. Kva vart sagt om det “korte, grøne” karbonkretsløpet? Døyr skogen, går mykje av karbonet attende til atmosfæren og den vert til ei utsleppskjelde. Så, skogvern er viktig. Skogen hjelper til å oppretthalde den naturlege karbonbalansen.

“Ordinær” hogge-plante-skogdrift gjev opne hogstflater med CO2-utslepp over 10-30 år. Som sagt, verna skog lagrar meir CO2 frå atmosfæren enn kulturskog. Men i det lange løpet vil kombinasjonen av berekraftig forvaltning, bruk av råstoff frå skogen til erstatning av fossile ressursar og lengst mogleg levetid av desse biomasseprodukt gjere planta skog overlegen som klimatiltak. Karbon frå det korte kretsløpet erstattar karbon frå det lange kretsløpet - ein sikker siger til planteskogen.

7. Kan skogen vere del av klimaløysinga og korleis då?

Strategi 1: Først og fremst må vi stoppe avskoginga. Det lyder som eit klassisk “regnskogproblem”, men skjer sanneleg i våre skogar òg. Omdisponeringa av skog til byggjeland, infrastruktur og beite må reduserast kraftig.

Strategi 2: Vi kan plante skog på nye areal og gjennom det auke karbonlagrane. Robuste plantar og gjødsling bidreg til auka produksjon på eksisterande areal.

Strategi 3: Alt som kan lagast av olje, kan òg lagast av tre. Les setninga ein gong til. Med andre ord, potensialet i skogressursane våre for å skape nye produkt av eit fornybart råstoff og til reduksjon av fossile utslepp, er enormt. Dette må vi jobbe for.

Kjelda til denne artikkelen er:
• Regionalt skog- og klimaprogram 2019-2022
• Nettsida til SSB, Landskogtakseringa
• NIBIO-forskar Gunnhild Søgaard
• Infoheftet “Skog – ei viktig del av klimaløsningen” - Norges Skogeierforbund, Norskog, Statsskog

 

Ordforklaring:

*) I blandingsskog står på mellom 20-50 % av skogarealet bartrær.

*) Vernskog fungerar som vern mot naturskadar og/eller den sikrar mot vær og vind for annen skog, dyrka mark og byggningar. Fylkesmannen si landbruksavdeling har ansvar for kartlegging av vernskoggrensene.