Tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl (gjeld vipe, åkerrikse og storspove)

Vipa har faste hekkeplassar og krev ekstra omsyn for å ikkje bli skadd av gjødsling og slått.
Vipa har faste hekkeplassar og krev ekstra omsyn for å ikkje bli skadd av gjødsling og slått. Foto: Sveinung Klyve.

Det kan gjevast tilskot for å leggje til rette for hekking av dei truga fugleartane vipe, åkerrikse og storspove på jordbruksareal i aktiv drift. Tiltaket gjeld på dyrka mark og innmarksbeite. 

Publisert 16.07.2019, Sist endret 25.04.2023

Reirlokaliteten/godkjent areal kan ikkje sprøytast med ugrasmiddel før etter hekkesesongen er avslutta og fuglane er reiste. Tilskotet er meint å kompensere for meirarbeid knytt til tilrettelegging og tilpassing av drifta. Arealet det kan bli gitt tilskot for skal ha påviste reir med egg av vipe, åkerrikse eller storspove.

Tiltaket er delt i to tiltaksklassar; låg og høg tilrettelegging. NB! For kvart reir kan ein berre søke tilskot innan ein av desse to tiltaksklassane. Låg tilrettelegging skal nyttast der føretaket har markert reir. Dersom føretaket både har markert reir og har utsatt slåtten kring reiret, skal derimot høg tilrettelegging nyttast (sjå nærare forklaring og krav per tiltaksklasse under).

Låg tilrettelegging

For låg tilrettelegging kan ein i søknadsåret få tilskot for markering av påviste reir med egg av artane vipe, åkerrikse og storspove.

Vilkår for låg tilrettelegging

  • Markering av reir med egg av artane vipe, åkerrikse eller storspove på fulldyrka jord, overflatedyrka jord eller innmarksbeite som søkar disponerer.
  • Bilde av markerte reir skal leggjast ved søknaden, og dato for bilda skal førast i merknadsfeltet i søknaden. For lokalitetar med meir enn 5 reir er det nok å sende inn representative bilde som syner at det er fleire reir innanfor lokaliteten.
  • Reir og fuglar må takast omsyn til gjennom heile hekkinga.

Høg tilrettelegging

For høg tilrettelegging kan ein i søknadsåret få tilskot for utsett slått av inntil 1 dekar per reir rundt reir av artane vipe, åkerrikse og storspove. Ein tilrår 1 dekar uslått areal per par som hekkar åleine, og 0,5 dekar uslått areal per par på areal der det hekkar fleire par. Slåtten skal vere utsett til etter at fuglane har forlate området (ofte etter 15.juni for vipe, etter 15.juli for storspove, og etter 1.august for åkerrikse).

Vilkår for høg tilrettelegging

  • Gjennomført låg tilrettelegging med tilhøyrande krav.
  • Utsett slått til fuglane har forlate området.
  • Bilde av og dato for utsatt slått skal kunne leggjast fram ved kontroll.
  • Reir og fuglar må takast omsyn til gjennom heile hekkinga.

Det er krav om at reir og fuglar må takast omsyn til gjennom heile hekkinga for både låg og høg tilrettelegging. Det kan difor vere nødvendig å gjere andre tiltak tilpassa eiga drift.

Eksempel på anbefalte tiltak som kan vere nødvendig for å ta omsyn til reir og fuglar:

  • Unngå gylling av reir ved å køyre utanom hekkeområdet, eller ved å dekke til reiret ei kort tid under gyllinga (til dømes med ein vipedisk eller bøtte).
  • Unngå å trekke gjødselslange/tilførselslange over reir.
  • Tilpasse køyremønster under slåtten slik at fuglane kan kome seg unna (sjå avsnittet «Fuglevenleg køyremønster» under skjøtselsråda under).

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

  • Låg tilrettelegging: kr 1500 per dekar (inntil 1 dekar per reir)(markering av reir)
  • Høg tilrettelegging: kr 3000 per dekar (inntil 1 dekar per reir)
    (markering av reir i kombinasjon med utsatt slått kring reiret)
    Inntil kr 20 000 per føretak

Statsforvaltaren og faglaga i jordbruket oppmodar alle føretak til å ta særskilt omsyn til desse truga fuglane under hekkinga, anten ein ønskjer å søke om tilskot eller ikkje.

I tillegg til regionalt miljøtilskot kan føretak som gjennomfører slike tiltak òg søke om tilskot frå Miljødirektoratet si tilskotsordning for Tilskot til truga artar.

Skjøtselsråd for tilrettelegging av hekke- og beiteområde for vipe, storspove og åkerrikse

Fuglevenleg køyremønster ved slått
Når rugetid og klekking er overstått, held fugleungane seg i skjul i det høge graset fram til dei kan flyge. Dersom slåtten kjem før fugleungane kan flyge, må ein unngå å drive fugleungane saman på eit stadig minkande areal som så blir slått til sist. Slår ein marka frå yttersidene og innover, må arealet i sentrum (ca. 1 dekar) bli ståande uslått. Eventuelt kan ein starte på ei langside og slå fram og tilbake. Poenget er å ha eit slåttemønster som driv fugleungane mot eit restareal som ikkje vert slått før dei er flygedyktige, eller til eit tilgrensande areal som ikkje skal slåast. Dersom arealet som skal slåast grensar til eit areal B som ikkje skal slåast med det første, bør ein starte slåtten frå den sida av arealet som ligg lengst vekk frå areal B, med mål om å drive fuglane over på areal B (sjå skisser for fuglevenleg slått i lenka under).

Fuglevenleg slått

VIPE (kritisk truga)
Vipa hekkar ofte på dyrka mark og vil helst ha store, opne flater som hekkeplass. Den unngår kantar nær skog og enkelttre som kan vere skjulestad for eggrøvarar. Reiret er difor oftast å finne ute på dyrka mark i drift.

Vipa vender oftast tilbake til same hekkeplassen år etter år. Den er trekkfugl og kjem som regel til hekkeplassen i mars – april. Hannfuglen har tydeleg fluktspel over den komande hekkeplassen, og det enkle reiret (ei grop fóra med gras) blir ofte laga tidleg/midt i april. Rugetida er 24-28 dagar. Ungane forlet reiret straks dei er tørre etter klekkinga, og dei blir passa av hofuglen.

Ungane er flygedyktige om lag ein månad etter klekking. Dei må ha parti med høgt gras å gøyme seg i. Inntil dei er flygedyktige, rundt 15.juni, kan det vere aktuelt tiltak å setje att uslått areal på eit avgrensa areal kring reiret. Ein tilrår minst eitt dekar uslått areal per par på mark der det berre hekker enkeltpar, og ein halv dekar per par på marker der det hekkar fleire vipepar. Areala kan setjast att spreidd eller samla på marka, men kvart av para bør ha eit areal på minst ein halv dekar.

Ved pløying eller harving kan reir med egg om nødvendig løftast forsiktig bort, gjerne med ein spade, men reiret må leggjast tilbake på same plass etterpå. Ved gylling kan ein kortvarig plassere ei bøtte over reiret. Reiret kan òg merkast med pinne. Pinnen må då ikkje setjast heilt inntil reiret, men til dømes 5 meter unna i ei kjend retning, eller to pinnar 5 meter til kvar side for reiret.

STORSPOVE (sterkt truga)
Storspoven kan hekke både på åker, eng, beite, myr og lynghei, men den hekkar helst der det er variert, litt høg vegetasjon, der fuglen er godt kamuflert på reiret. Storspoven hekkar berre sjeldan på dyrka mark, men dersom den likevel gjer det, bør reirlokaliteten følgjast opp på same måte som for vipa (sjå omtale over).

Storspoven kjem til hekkeplassen tidleg i april, og den legg egg seint i april eller tidleg i mai. Rugetida er 26-30 dagar. Ungane er flygedyktige 5-6 veker etter klekking. Dersom reiret ligg på intensivt dyrka jord som grensar uhindra til eng eller hei med vegetasjon å skjule seg i, vil fuglane flytte over dit etter klekking. Det er då ikkje nødvendig å setje att uslått areal på den intensivt dyrka delen. Dersom det ikkje er tilgang til uslått areal, kan det vere eit tiltak å setje att uslått gras på same måte som for vipe, men med utsett slått til 15.juli.

ÅKERRIKSE (kritisk trua)
Åkerriksa hekkar i kulturmark med høgt gras og godt skjul, alt frå kornåker og eng til brakkmark. Den lever svært skjult og blir sjeldan sett. Åkerriksa er trekkfugl og kjem som regel til hekkeplassen i slutten av mai. Den kan dermed etablere seg i skjul av høgt gras.

Hannfuglen hevdar territorium ved å synge ei karakteristisk «song» - ei rytmisk kreksing om natta. (Åkerriksa sin song kan høyrast i fuglebok frå birdID, Nord universitet). Reiret blir ofte lagt i ei grop i bakken nær hannfuglen sin sangpost, men det er særs vanskeleg å lokalisere.

Åkerriksa legg egg i byrjinga av juni og byrjar ofte ruginga rundt 10.juni. Rugetida er 17-19 dagar. Ungane forlét reiret straks dei er tørre etter klekkinga, og dei blir passa på i to veker. Dei er flygedyktige 6-7 veker etter klekking. Både vaksne og ungar må ha høgt gras å gøyme seg i. Det kan difor vere aktuelt å setje att minst 5 dekar uslått areal heilt fram til 1.august.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP