Tilskot til spreiing av all husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen (gjeld kun for enkelte føretak i område nær prioriterte vassdrag med elvemusling)

Lonevassdraget på Osterøy som viser elv og grønt gras
Lonevassdraget på Osterøy er eit av vassdraga med elvemusling. I slike område er det tilskot for å spreie all husdyrgjødsel innan 10. august. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan gjevast tilskot der all husdyrgjødsel og biorest eit føretak skal spreie er spreidd innan 10. august. Tiltaket gjeld føretak med mjølkeproduksjon på storfe som disponerer areal i nedbørsfelt til elvemuslingsvassdrag (sjå kartavgrensing og tabell under som syner kva vassdrag som inngår i tiltaket).

Publisert 16.07.2019, Sist endret 03.04.2024

Det kan gjevast tilskot der all husdyrgjødsel og biorest eit føretak skal spreie er spreidd innan 10. august. Tiltaket gjeld føretak med mjølkeproduksjon på storfe som disponerer areal i nedbørsfelt til elvemuslingsvassdrag (sjå kartavgrensing og tabell under som syner kva vassdrag som inngår i tiltaket).

Gras i vekst har eit langt større næringsopptak frå gjødsla enn gras som er utvakse, og avrenning og tap av næringsstoff frå gjødsla er minst tidleg i sesongen. Spreiing av husdyrgjødsel om vår og forsommar vil såleis både gje agronomisk og miljømessig gevinst i høve til seinare spreiing. Formålet med tiltaket er å redusere spreiing av husdyrgjødsel om hausten på areal som drenerer til vassdrag med elvemusling, då oppgjødsling av desse vassdraga er ein trussel for elvemuslingen og faren for avrenning er størst seint i sesongen.

Tilskotet kan kun gjevast dersom all husdyrgjødsel føretaket skal spreie er spreidd innan 10. august. Då kan det gjevast tilskot for alt godkjent spreieareal som føretaket disponerer og som blir spreidd i inneverande sesong, avgrensa til maks 250 dekar per føretak. Dersom noko av arealet føretaket disponerer er spreidd etter 10. august, fell føretaket utanfor tiltaket, og tilskotet kan då ikkje gjevast.

Her finn du liste over føretak som kan kome inn under tiltaket. NB! Lista er basert på opplysningar registrert i produksjonstilskot 2022, og lista er ikkje nødvendigvis uttømmande. Andre føretak som fyller vilkåra i søknadsåret har òg rett til tilskot.

Tabell: Vassdrag som inngår i tiltaket. 

Kommune Vassdrag/del av vassdrag Status Type elvemusling
Alver Mjåtveitelva Kritisk trua Auremusling
Bergen Haukåselva Kritisk trua Auremusling
Bjørnafjorden Sundfjordelva Kritisk trua Auremusling
Bjørnafjorden Femangerelva Kritisk trua Auremusling
Bjørnafjorden Fossåa Kritisk trua Auremusling
Bjørnafjorden Hopselva Trua Auremusling
Bjørnafjorden Oselva Livskraftig Laksemusling
Bergen
Bjørnafjorden Døsjaelva Kritisk trua Auremusling
Bømlo Åreidelva Kritisk trua Auremusling
Etne Sørelva Kritisk trua Antatt laksemusling
Fitjar Dåfjorden Livskraftig Auremusling
Kinn Nyttingeneselva Livskraftig Auremusling
Kvam Røyrvikelva Kritisk trua Auremusling
Osterøy Lonevassdraget Kritisk trua Laksemusling og auremusling
Samnanger Skjelåna Kritisk trua Auremusling
Stad Dalsbøvassdraget Kritisk trua Auremusling
Stad Maurstadelva Kritisk trua Auremusling
Sunnfjord Redalselva Kritisk trua Auremusling
Tysnes Kvernavika Kritisk trua Auremusling
Øygarden Apalvågen Kritisk trua Auremusling

 

Vilkår :

  •  All husdyrgjødsel / biorest som føretaket skal spreie må bli spreidd seinast 10. august. For å sikre nok lagerkapasitet gjennom vinteren, bør gjødsellageret då vere tømt.
  • Tilskotet gjeld berre areal der det blir spreidd husdyrgjødsel / biorest i inneverande sesong. Det skal minimum spreiast 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar på det arealet ein søker tilskot for.
  • For godkjende føretak kan det gjevast tilskot for alt godkjent spreieareal (innmarksbeite som ved vedtak er godkjent som spreieareal og dyrka mark) som føretaket disponerer og som blir spreidd i inneverande sesong, inntil 250 dekar per føretak.
  • Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter siste gjødsling i søknadsåret.
  • Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som syner spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar.
  • Tilskotet kan ikkje kombinerast med Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedlegging (§ 20), Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling (§ 21) eller Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange (§ 22).


Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Spreiing i veksande kultur: kr 180 per daa
    Det kan gjevast tilskot for inntil 250 daa per føretak
    (Tiltaket gjeld spreiing der all husdyrgjødsel og biorest eit føretak skal spreie er spreidd innan 10. august på godkjent spreieareal. Tiltaket gjeld enkelte føretak som disponerer areal som drenerer til elvemuslingsvassdrag).
Bilde av elvemusling
Elvemusling. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Kartavgrensing

Sjå kart under som viser kva vassdrag som inngår i tiltaket. Du finn fullversjonen av kartet på fylkesatlas, der du blant anna kan skru på kartlag med jordbruksareal og eigedomsgrenser.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP