Tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Automatisk ferda kulturminne - gravrøys
Automatisk ferda kulturminne - gravrøys (Foto: Fylkesmannen)

Det kan gjevast tilskot for skjøtsel av automatisk freda kulturminne, inkludert sikringssone, som grensar til eller ligg på jordbruksareal. Skjøtselen skal vere gjennomført som slått eller beiting slik at kulturminnet er synleg i jordbrukslandskapet, og kulturminnet skal vere registrert i kulturminnebasen Askeladden.

Tilskotet gjeld for skjøtsel av areal rundt synlege kulturminne, slik som graver og gravfelt, bergkunst/helleristningar, åkerreiner, røyser og røysfelt, buplassar, tufter, vegfár og bygningar. Det kan ikkje løyvast tilskot til lokalitetar som er avmerkte i Askeladden som dyrkingslag og kulturlag, lokalitetar avmerkte som uavklara funnstader, lausfunn og liknande, der skjøtsel ikkje vil medverke til at kulturminnet vert meir synleg i jordbrukslandskapet. Kulturminnemynda kan stille vilkår om skjøtselsplan.

Sikringssona er markert som gul ring rundt kulturminnet i kartløysinga i elektronisk søknad, og dersom både kulturminne og sikringssone er skjøtta, skal søkar teikne rundt sikringssona i søknaden. Tilskotet blir fastsett per dekar. Dersom lokaliteten er mindre enn 1 daa, kan det søkast om 1 daa.

Skjøtselstiltaka skal utførast i samsvar med krav i kulturminnelova § 4 og fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselråd og krav etter kulturminnelova § 4 for skjøtsel av automatisk freda kulturminne under.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

  • Beiting - kr 500 per daa
  • Slått     - kr 1000 per daa
    (Beiting eller slått av lokalitet med automatisk freda kulturminne. Frå og med 2019 vert tilskotet utmålt per daa og ikkje per stk, og det er ulike tilskotssatsar for beiting og slått. Sikringssona kring kulturminnet kan takast med i skjøtsel og i utmåling av dekar)
Automatisk freda kulturminne - gravhaug

Automatisk freda kulturminne - gravhaug (Foto: Fylkesmannen)

Skjøtselsråd og krav etter kulturminnelova § 4 for skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Fjerning av vegetasjon og slått:

  • Gras og liknande skal fjernast frå området etter slått. Det er ikkje tillate med lagring eller brenning av dette på eller i sikringssona til kulturminnet
  • Vegetasjon som er slått må ikkje leggjast slik at det er til hinder for sikt og utsyn til og frå kulturminnet
  • Det skal ikkje nyttast tunge maskiner som set merke i bakken/skadar torva
  • Det skal ikkje flyttast på stein, fjernast torv eller mose eller gravast i bakken under arbeidet, eventuelt må slike tiltak vere lagt fram for og avklara med fylkeskommunen før arbeidet tek til
  • Sprøyte- og plantevernmidlar kan berre nyttast på vegetasjon som veks på kulturminnet og i sikringssona etter løyve frå fylkeskommunen

Beiting:

  • Ved beiting skal det nyttast småfe. Beiting med større husdyr kan føre til trakk og slitasje på kulturminnet og må i tilfelle avklarast med fylkeskommunen
  • Det må ikkje setjast opp drikkekar, saltsteinar, fôringsplassar eller liknande for beitedyr nær kulturminne, då dette kan auke faren for trakkskadar og erosjon

Generelt:

  • Dersom det under arbeidet skulle oppstå skade på kulturminnet, må arbeidet stoggast og tiltakshavar må kontakte fylkeskommunen ved fylkeskonservator
  • Det er tillate å fjerne vegetasjon og søppel frå kulturminne og kulturminneområde, men det er ikkje lov å grave i bakken, flytte på stein, planere, eller fylle på masse
  • Det er ikkje lov å gjere noko for å endre kulturminnet, heller ikkje om hensikta er å rydde, reparere eller gjere det meir tydeleg
  • Dersom det vert gjort meir omfattande skjøtsel på eller tett ved eit kulturminne, skal det sendast varsel om dette til fylkeskommunen før arbeidet tek til
  • Ved skjøtsel av bergkunst skal fylkeskommunen alltid varslast før arbeidet tek til
  • Ved behov for rydding i forkant av skjøtsel, som slått eller beiting, er hovudregelen at alle mindre busker og småskog skal fjernast frå kulturminnet ein ryddar. Særmerkte tre og busker kan stå att
  • Felling av større tre må utførast med varsemd, og det skal det takast omsyn til fallretning for å unngå skade på kulturminne
  • All vegetasjon som vert fjerna skal kappast så nært bakken som råd
  • Det skal ikkje fjernast stubbar eller røter frå bakken, verken med maskin eller manuelt, då dette kan føre til utilsikta skade på kulturminne
  • Rotvelta tre må fjernast på skånsam måte
  • Ved fjerning av tre som ligg eller veks over kulturminnet må stammen som hovudregel kappast i mindre stykke på staden før fjerning for å unngå å gjere skade. Bruk av annan metode må avklarast med fylkeskommunen
  • Dersom ein ynskjer rettleiing eller avklaringar i høve til skjøtselsarbeidet på og ved kulturminne og sikringssone, kan ein kontakta fylkeskommunen ved fylkeskonservator