Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging

Nedlegging av husdyrgjødsel
Nedlegging av husdyrgjødsel (Foto: Norsk Landbruksrådgiving Vest)

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest ved nedlegging eller nedfelling på fulldyrka og overflatedyrka areal. Formålet med tilskotet er å stimulere til at husdyrgjødsel og biorest blir lagt rett ned på jorda eller blanda direkte i jordsmonnet i staden for tradisjonell breispreiing med bladspreiar, fanespreiar eller kanon. Dette vil auke gjødslingseffekten, motverke utslepp til luft og redusere forureining til vatn.

Definisjonar:

Biorest: restprodukt frå biogassanlegg
Nedlegging: gjødsla blir lagt i striper oppå jorda med stripespreiar / «blekksprut»
Nedfelling: gjødsla blir plassert ned i jorda, ved hjelp av ulike metodar

 
Tiltaket er ikkje avgrensa til utvalde område, og tiltaket kan gjelde alt fulldyrka og overflatedyrka areal som eit føretak disponerer. Eit føretak treng ikkje fylle krava til tilskotet for alt areal det disponerer, men det arealet det blir søkt om tilskot for skal fylle alle vilkåra til tilskotet. Eit føretak kan søke om tilskot uavhengig av kven som utfører gjødslinga. Kravet er at gjødslinga skal vere utført som nedfelling eller nedlegging, og det er den som disponerer arealet som kan søke om tilskot.

Tilskotet blir gitt éin gong per areal per år, ikkje for kvar gjødsling. All husdyrgjødsel på eit areal i ein vekstsesong må vere tilført med nedfelling eller nedlegging for at arealet skal kunne godkjennast.

Siste frist for spreiing på areal med nedfelling/nedlegging er 10. august, og arealet skal haustast ved slått eller beiting etter den siste spreiinga i søknadsåret. Husdyrgjødsel og biorest som er spreidd ved nedlegging i open åker, må moldast ned innan to timar. Det skal spreiast minimum 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar. Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som viser spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar.

Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang motta Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • kr 50 per daa
    Inntil 100 daa per føretak
    (Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel på full- og overflatedyrka areal innan 10.august, der all husdyrgjødsel på eit areal i ein vekstsesong er tilført med nedfelling eller nedlegging.)