Tilskot til brenning av kystlynghei (gjeld brenning av kystlynghei som vert vinterbeita og som er registrert i Naturbase)

Brenning av kystlynghei
Brenning av kystlynghei (Foto: Fylkesmannen)

Det kan gjevast tilskot for brenning av kystlynghei registrert i Naturbase, når brenninga er gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra. Tilskotet kan berre gjevast for brenning av areal som er godkjent for Tilskot til beiting av kystlynghei.

Brenninga skal utførast i tidsrommet mellom 15. september og 15. april og etter avklaring med lokalt brannvesen. Brenninga skal vere godt planlagt, den skal gjennomførast på ein forsvarleg måte og i samsvar med skjøtselsråd fastsett av Fylkesmannen.

Tilskotet vert tildelt for utført brenning, og tilskotet kan berre gjevast for areal som er brent etter søknadsfristen i føregåande søknadsomgang. Det kan ikkje gjevast tilskot for brenning av same areal oftare enn kvart 10. år.

Lyngheier må bli svidd med jamne mellomrom, om lag kvart 15. år, for å oppretthalde god beitekvalitet vinterstid. Etter sviing får lyngen raskt god kvalitet. Den digitale kartløysinga i søknaden tillet diverre ikkje innteikning av areal i felles utmark. Dersom ein ynskjer å søke om tilskot for nye lokalitetar i felles utmark, må søkar difor teikne desse på papirkart og levere til kommunen som legg arealet til i elektronisk søknad. Kartteikningar som er registrerte i elektronisk søknad frå og med 2019 kan derimot, som for alle tiltak, importerast til seinare søknadsomgangar.

Brenninga skal utførast i samsvar med fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for brenning av kystlynghei under.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • kr 300 per daa
    Inntil 500 dekar per føretak

    (Brenning av lokalitetane som er godkjende under Tilskot til beiting av kystlynghei)
Regenering av lyng etter brenning av kystlynghei

Regenering av lyng etter brenning av kystlynghei (Foto: Fylkesmannen)

 

Skjøtselsråd for brenning av kystlynghei

  • Tidspunkt: Lyngbrenning skal utførast mellom 15. september og 15. april. Forutan at dette er nedfelt i brannforskrift, er det og viktig for å unngå jordbrann og av omsyn til hekkande fugl og dyre- og planteliv generelt. Dersom ein skal brenne tidleg på hausten etter ein tørr sommar, må det først komme ei god rotbløyte. Dersom ein planlegg brenning i verneområde for fugl, skal ein kontakta Fylkesmannen ved miljøavdelinga.

  • Brannvesen: Ein bør jobbe for eit godt og tillitsfylt samarbeid med brannvesenet, og ein må respektere lokale brannforbod. Etter ein våt vinter/vår er det mogleg å søke om dispensasjon til å brenne i slutten av april, men ein bør uansett ikkje brenne etter 1. mai. Ein må alltid gje beskjed til brannvesenet før brenning, helst i god tid. Ein må gje beskjed om kor tid elden skal tennast og sløkkast/er sløkt. Brannvesenet vil gjerne ha ein liten plan for brenninga inkludert kart, sjå punktet under om planlegging.

  • Planlegging: Lyngbrenning må alltid planleggjast på førehand. Dette gjeld kva areal som skal brennast, grunneigarløyve, plan for avgrensing av elden, plan for sløkking, behov for mannskap, og behov for og rydding av branngater (branngater kan gjerne ryddast på andre tider av året). Topografien bør nyttast til å lette opptenninga og til å avgrense elden.

  • Vind: Ein må aldri brenne i sterk vind, men litt vind er alltid ein fordel. Ein må vere merksam på at elden «syg» luft, slik at vindstyrken på flammane er større enn målt vindstyrke. Om mogeleg bør ein brenne mot vinden. Jo tørrare det er, di meir merksam må ein vere på vinden.

  • Mannskap: Det kan aldri bli for mange deltakarar på ei lyngbrenning. Det bør vere minimum 5 personar ved mindre brannar under trygge forhold, helst fleire. Før ein tenner opp må alle vere einige om plan og gjennomføring for brenninga og kven som har kommandoen. Kun ein person skal leie brenninga.

  • Utstyr: Alle deltakarar må ha sløkkingsutstyr. Det er vanleg med skogbrannsmekke, men aluminiumsspade med langt skaft kan og brukast. Deltakarane bør bruke kle i ull og bomull og unngå kunststoff som smeltar i varme, samt verne hender, hår og auge.

  • Mosaikk: Ein bør prøve å etablere ein mosaikk i lyngen med brannflater av ulik alder. Dette gjev best beitekvalitet gjennom året. Topografien bør utnyttast til å lage mange mindre brannar i staden for ein stor. Små brannflater på 5-50 daa gir best mosaikk. Ved oppstart av skjøtsel i område med gamal lyng er det naturleg å brenne større flater i starten. Regelmessig brenning stimulerer til auka spiring av frøbanken og gjev høgare artsmangfald.

  • Avslutting: Ein må aldri forlate ei rykande brannflate. Sjølv om flammane er sløkte, kan det ulme under bakken. Ein må difor avslutte brenninga i god tid før det blir mørkt.

  • Kor ofte: Kor ofte ein må brenne er avhengig av beitetrykk, jordkvalitet og kvar lyngen veks i landskapet. Ein må vurdere høgde på lyngen, forveding av lyngen og kor frisk lyngen er. I snitt må det same feltet brennast om lag kvart 15. år på Vestlandet. Det vil sei at ein bør brenne 5-10 % av lyngmarka kvart år.