Bergen vil dyrke grøn samfunnsnytte

Urbant landbruk kan aktivisera byareal, gjera tettstader grønare og meir sosiale og bidra til mindre matsvinn. I eit klimaperspektiv må me alle finne kretsløpsløysingar. Kunnskap om matproduksjon er eit viktig ledd i dette.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.03.2019

-Å finne ut av kor mykje kunnskap ein må ha for å dyrke fram sine eigne gulrøter, gir kunnskap og erfaringar som sikrar mattryggleik i eit langsiktig perspektiv, understreka Gerd Lithun i Bergen kommune, Etat for landbruk.

Strategiske grep for urbant landbruk

Gode diskusjonar kring temaene som dei sjølv hadde vore med å sett på agendaen, skapte stort engasjement. Her diskuterar dei Bruk av midlertidige arealer.

Bergen kommune skal i vår laga «Veikart for Urbant landbruk», og inviterte, saman med Fylkesmannen i Vestland, til to innspelsmøte i januar. Over 80 engasjerte deltakarar gav innspel til korleis Bergen kommune kan støtta offentlege -og private verksemder og frivillige som ynsker å setja i gang aktivitetar innan urbant landbruk. I løpet av våren skal byrådet sakshandsama eit nytt vegkart for urbant landbruk i Bergen. Dette skal sikra langsiktig satsing i kommunen.

- Me vonar aktivitetane i Bergen kommune kan inspirere distriktskommunar til å satse på urbane landbruksaktivitetar. Det kan gjere at alle kan få meir kunnskap og engasjement for norsk matproduksjon. Det er ikkje mengde mat som er viktig innan det urbane landbruket, men mengdetrening i å dyrke mat. Då får ein direkte erfare verdien av lokal matproduksjon og bonden sin kunnskap om å lage mat for oss alle, understrekar Frøydis Lindén, hjå Fylkesmannens i Vestland si landbruksavdeling.

Urbant landbruk bidrar til matsikkerheit og inkludering

Tagtomat frå København inspirerte bergensarar til å bygge sjølvvatningskassar tilpassa grusareal, balkongar og takhagar i 2016. På seminaret under innspelsdagane i januar, fortalde Cyrille Gaubert frå Stadsbruk i Malmø, korleis dei gir hjelp til gründarar som ynskjer å produsera kortreiste grønsaker til byfolk, restaurantar og kantiner i bykjernen. I det siste har Stadsbruk òg funne ut korleis dyrkingsprosjekt kan inkludera fleire gjennom språkaktivitetar i parsellhagen og jobbtrening i drivhus. Cyrille Gaubert frå Stadsbruk i Malmø ser no kor viktig desse koordineringsprosjekta er for ein grønare byutvikling og fleire sosiale møterom.

- Dei siste åra har me etablert nettverk for urbant landbruk i fire ulike byar i Sverige, kor me har laga tverrfaglege grupper for å legge til rette for dyrkingsaktivitetar. Folk frå kommunale etatar, private initiativ og frivillig sektor har i fellesskap løyst mange flokar for å få grøne initiativ på beina. Me har i 2019 søkt støtte til å teste modellen utanfor Sverige sine grenser. Kanskje me kan teste denne modellen i Bergen kommune? meldte ein engasjert Gaubert, før han svarte på dei mange spørsmåla etter føredraget.

21.februar fekk Stadsbruk vite at dei kan testa ut modellen i Bergen og Fylkesmannen i Vestland blir ein aktiv bidragsytar i dette arbeidet.

Bærekraftige liv og Bybonden

Lystgården på Landås, saman med Hordaland Bondelag, husar Bybonden Ida Kleppe. I løpet av våren vil ho rulla ut fleire aktivitetar, der skular, barnehagar og private initiativ vil få tilbod om kurs og tilrettelegging for dyrkingsaktivitetar i byen.

- Bergen kommune aukar sakte men sikkert sine pengepottar for å stimulere til fleire dyrkingsprosjekt for alle. I vår vil eg også samarbeide med studentar ved høgskulen i Bergen og utviklarar av ein dyrkingsapp ved Vitenparken på Ås. Me vil prøve å få til digitale verkty for dei som vil leige ut og dei som vil få tak i dyrkingsareal i kommunen. Har du meiningar eller idear til alt som har med urbant landbruk i Bergen by å gjere, så berre ta kontakt for ein prat, oppmodar ein engasjert Bybonde, Ida Kleppe.

Urbane landbruksaktivitetar og linkar:

Urbant landbruk i Bergen kommune

Bybonden i Bergen på facebook - sjå arrangementkalender

Andelslandbruk på Vestlandet våren 2019

Kurs i allsidig økologisk frukt-og bær dyrking

Vis mer

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.