Tid for matauk i hagen

Du har enno god tid til å førebu hagen til å dyrke matvekster i år. Foto: Frøydis Lindén, FMVL.
Du har enno god tid til å førebu hagen til å dyrke matvekster i år. Foto: Frøydis Lindén, FMVL.

Det er fleire forbrukarar som har fått lyst til å dyrke mat til eige bruk i sommar. Covid19-restriksjonane gjer at mange kjem til å vere meir heime i sommar og kan få tid til å dyrke eigen mat. Det er spennande å fylje med på nyttevekster som veks, og til slutt kunne bidra til matauk i eige hushald.

Ein ny vekstsesong er snart i gong og mange av oss har ein hage å dyrke i – eller ein eigen balkong eller i pallekarm dersom du bur i tettbyde strøk. Har du eit areal nær heimen din, kor du kan få til ein avtale  for å dyrke, kan du gå lag med naboar, leige arealet og lage eit parsellhagelag. Handboka for etablering og drift av ein parsellhage gir deg tips og gode råd i ein startfase. Det kan også vere ein sosial uteaktivitet, kor det kan vere enklare å halde riktig avstand under Covid19-restrisjonane.

Ikkje for seint

Du har framleis god tid til å koma i gang med nyttvekster i hagen. Mai og juni, når jorda er i ferd med å bli varm, er god såtid. Men er du ivrig, så kan du så nokre frø inne allereie no: purre, kålvekster, rødbeter er alle eksempler på gode vekster å så inne fyrst.

Mange frøfirmaer tilbyr å sende frøposar i posten (netthandel) og hagesentrene har som normalt fylt opp lagra med frø, settepotet, jord og småplanter. Du kan godt nytte gamle frø du har liggande, men truleg vil færre av dei spire enn det som står på pakka (spireprosent). Du kan óg skjære epletrea dine no, men ver forsiktige med å beskjære plommetre og kirsebætre, då sevja lett kan «blø» frå snittsåra etter skjæring så langt ut på våren (i kystnære strok).

Jorda som bærebjelken i hagen

Ikkje ver redd for å sette i gang med å dyrke sjølv! Det er lite som kan gå gale, og mest av alt lærer du av å teste ut og finne ut av ting undervegs. Men pass på å lag eit godt utgangspunkt.  Bruk den best drenerte jorda di (helst ikkje på myrjord), lag litt høgde på bedet, slik at vatn kan drenere vekk i regntunge periodar. Truleg må du også kalke litt, for vestlandsjorda blir lett sur av mykje nedbør. Utpå sommaren treng du kanskje å gjødsle litt. Bruk gjerne kompost frå eigen hage, skyll tang frå fjæra fri for salt og legg rundt plantane, eller kjøp organisk gjødsel frå eit hagesenter, så tek du vare på jordlivet og unngår overgjødsling. Har du full kontroll på gjødslingsmengdene dine, eller kan lese mangelsymptom på næringsstoff, så kan du bruke kunstgjødsel. I småhagar er det ofte ikkje trong til det dersom du nyttar husdyrgjødsel eller organisk gjødsel, som frigir næring di varmare jorda blir.

Smittefrie knollar og utplantingstre

Bruk IKKJE potet frå butikken til å sette potet med, men bruk godkjent settepotet som er fri for sjukdommar. Det same gjeld for frukt-og bærtre, at dei må vere virusrensa. Stort sett er det kontrollerte planter og settepoteter du får kjøpt på dei lokala hagesentra, men dobbeltsjekk dette før du kjøper med deg noko heim. På vestlandet kan det vera lurt å velje ein tidlegpotetsort, som har kortare vekstsesong og ein kan hauste før septemberregnet kjem, då sopp gjerne angriper potetriset før det får blomstra av. Poteten er hausteklar nokre veker etter bløming.

Potetsystenematode er ein sjukdom som ein må vera sikker på å ikkje spreie vidare på landbruksjord, kor ein skal ha kommersiell potetproduksjon. Vertsplanta er potet/tomat og den smittar lett med jordrestar frå støvlar eller utstyr, og smitten kan overleve veldig lenge i jorda. Så har du kjøpt potet for å plante ut, som du er usikker på er kontrollert for smitte, kok dei istaden og nyt eit måltid av dei istaden. Du blir ikkje sjuk av potet med nematodar, men poteten blir sjuk og ikkje lagringsdyktig. Får du ikkje tak settepotet i år, plant eller så noko anna, og bestill settepotet til neste år. 

Lære og hjelpe til

Mange facebookgrupper, blogger, tidsskrift og kurs (no også i aukande grad på nett) blir annonsert i stort monn i desse dagar. La deg bli inspirert og få gode råd med på vegen. Dersom du vil gå i detalj på nokre områder, har mange glede av å kikke på artiklar og tips på Agropub.no som blir drive av NORSØK – senter for økologisk landbruk på Tingvoll.

Har du ikkje lyst til å ha ansvar for å dyrke så mykje sjølv, men heller kjøpe ein andel av ein grønsaksproduksjon og hjelpe til på dugnader i denne drifta, kan andelslandbruk vere noko for deg. Du kan sjekke ut nettsida  andelslandbruk.no og sjå om det er noke andelslandbruk nær deg. Nokre av dei driv med husdyr og frukt-eller bærproduksjon, under Vestlandsmodellen for andelslandbruk.  

God vekstsesong

  • og lukke til!