Finn dyrkingsareal med app

Bybonden i Bergen har utvikla ein app for å finne eller å tilby dyrkbar jord. Arealappen «Dyrkingsareal» skal hjelpe deg med å finne raskare fram til eigaren av eit dyrkbart areal. 

Det er overraskande få parsellareal i Bergen by, men no ynskjer Bybonden i Bergen å legge til rette for at det skal bli enklare å finne areal. På denne måten kan du, vennegjengen, bedrifta du jobbar i, nabolaget eller skulen få areal til å dyrke på.

Christinegården, i Sandviken i Bergen, laga om delar av sitt hageareal til parsellhagar i 2015 og har i dag om lag 15 personar som driv parsellane sine der. Foto: Gerd Lithun

Christinegården, i Sandviken i Bergen, laga om delar av sitt hageareal til parsellhagar i 2015 og har i dag om lag 15 personar som driv parsellane sine der. Foto: Gerd Lithun

Bergen by har truleg mange små areal som ein kan dyrke på i bydelane, men dei er vanskelege å kartlegge. Appen Dyrkingsareal er dugnadshjelparen, og er testversjonen er no utvikla i lag med studentar ved Høgskulen på Vestlandet.

- Arealet treng ikkje å være så veldig stort, kanskje frå 100 kvadratmeter, men me vil helst at det skal vere god jord på arealet. Ikkje myrjord eller grusbane, men god, moldrik dyrkamark, understrekar Ida Kleppe, Bybonde i Bergen.


Tilby eller finne

Går du ein tur i nabolaget ditt, og finn eit areal som ligg brakk og ikkje blir dyrka på, kan appen hjelpe deg til å finne fram til kven som eig arealet. Det spelar ingen rolle om det er privat eller offentleg areal. Finn du eigaren av arealet, kan vegen vera kort til å lage ein avtale om å få bruke arealet til å dyrke dine eigne grønsaker.

-  Vi ser også for oss at det finst folk med store hagar eller bønder med dyrkamark dei ikkje nyttar, som kan gje glede til byfolk med grøne fingrar. Då kan ein lage ein annonse i appen for det, melder Bybonden optimistisk.


Ynskjer tilbakemeldingar

Appen Dyrkingsareal er ein testversjon som Bybonden ynskjer tilbakemeldingar på for å gjere den endå betre. Det gjenstår også nokre juridiske avklaringar før appen kan lanserast ordinært. Du kan laste ned appane gjennom linkar på bybondenibergen.no . Nye versjonar av denne jordfinnarappen og ein annan app som heiter Dyrk med Bybonden, vil lanserast i april 2020.


Oppstartshjelp for parsellhagar

Appen kan og vere til hjelp for å finne andre i nabolaget ditt som og har lyst til å dyrke. Kanskje nokon har funne eit areal og treng fleire naboar med seg for å få til ein parsellhage? Fylkesmannen i Hordaland, i lag med Bergen kommune, lanserte i fjor ein parsellhagerettleiar. Den er skriven av Siri Haavie, erfaren parsellhagedyrkar frå Oslo, som driv parsellhager.no. Rettleiaren er no oppdatert.

-  Parsellhagerettleiaren gir hint om kva ein må tenkje på når ein vel eit areal til dyrking, men óg gode tips til korleis ein kan organisere eit parsellhagelag. Det er lagt vekt på at den skal vera praktisk og konkret, kor det er laga forslag til malar for til dømes leigekontraktar og vedtekter, melder Frøydis Lindén, rådgjevar hjå Fylkesmannen i Vestland, avdeling landbruk.

Parsellhagerrettleiaren finn du til nedlasting (pdf) i høgre kolonne eller nedst i denne artikkelen (finst ikkje i trykt eksemplar).

 

Bakgrunn

Urbant landbruk legg til rette for meir dyrking i byar for å gjere litt av matfatet vårt meir ureist, og bidra til grønare og meir sosiale nabolag.

  • Bybonden i Bergen Bybonden har mange oppgåver innan urbant landbruk, og den viktigaste er å få fleire til å dyrke mat i den fine byen vår. Inspirasjon, kursing, nettversbygging og rådgiving er litt av det bybonden kan gjere for deg.  Bak bybondeprosjektet står mange gode samarbeidspartnarar, med Lystgården på Landås og Hordaland Bondelag i spissen.
  • Urbant landbruk i Bergen kommune
  • Bergen kommune sitt kart over areal ein kan ha pallekarmar på eller dyrke rett i jorda