Erstatning for skader etter flaumen

Fylkesmannen har fått ein del spørsmål om erstatning etter det kraftige regnvêret tysdag og informerer litt om ordningar som finst.

Statens naturskadeordning

Denne ordninga kan erstatte skader som direkte skuldast ei naturulykke som t.d. flaum, storm, stormflo og skred. Ordninga omfattar skader der det ikkje er mogleg å teikne privat forsikring.

Erstatninga dekkjer reparasjon, og ikkje forbetring eller sikring mot ny skade. Ved skade, eller mistanke om skade, er det svært viktig å sørgje for god dokumentasjon. Ta bilete og beskriv skaden. Gjer det du kan for å forhindre ytterlegare skader.

Hugs at fristen for å søkje er tre månader etter at skaden oppstod. Søknaden må dokumenterast med bilde, kart og anbod.

Meir informasjon om statens naturskadeordning og korleis du søkjer på www.naturskadeordningen.no. Der finn de også elektronisk søknadsskjema.

Naturskadepoolen

Alle bygningar og lausøyre som er forsikra mot brann, er samtidig forsikra mot naturskader.

Meir informasjon finst på nettsida til Norsk Naturskadepool.