Tilskot til rekruttering og kompetanse i landbruket

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til prosjekt knytt til rekruttering og kompetanse i landbruket og landbruksbaserte næringar. Dei har 1 960 000 kr til denne ordninga i 2020.

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i Vestland, med særleg vekt på berekraft og miljø. Ordninga skal bidra til å betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringane.

Søknadsfrist er 15. april og 1. oktober. De finn meir informasjon og søknadsskjema på nettsida til Vestland Fylkeskommune.