Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket

Vestland fylkeskommune har lyst ut midlar til regionale tilretteleggingstiltak (RT-midlar) innan landbruk og landbruksbaserte næringar. Fylkeskommunen overtok forvaltinga av desse midlane frå 1. januar.

Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, reiselivstilbod, verdiskaping basert på utmarksressursane og Inn på tunet.

Søknadsfrist er 15. april og 1. oktober. De finn meir informasjon og søknadsskjema på nettsida til Vestland Fylkeskommune.

Kommunar og andre søkarar må gjerne nytte ressurspersonar hjå Fylkesmannen si landbruksavdeling for å konkretisere ein søknad eller ved gjennomføring av tiltak.