Tilskot til gjødsellager

Eksempel på dekke over gjødsellager
Eksempel på dekke over gjødsellager (Foto: Odd Ivar Kalland, Fylkesmannen i Vestland)

Kommunane er oppmoda om å prioritere etablering av dekke over gjødsellager ved tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Innovasjon Norge har også eit tilskot til bygging av nytt gjødsellager med fast toppdekke. Etablering av dekke dempar utslepp til luft og aukar lagerkapasiteten for husdyrgjødsel.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

For å kunne få tilskot til dekke, må tiltaket førebygge utslepp til luft, og ein må nytte løysing av varig karakter tilpassa det aktuelle lageret. Dette er tilhøve som kommunen vurderer ved handsaming av søknad om tilskot. Ved å unngå nedbør i gjødsellageret får ein betre lagerkapasitet. Dette kan gjere det enklare å få spreidd husdyrgjødsla til rett tid i vekstsesongen, og påverknaden på vassmiljø kan bli redusert.

Tilskot frå Innovasjon Norge til bygging av nytt gjødsellager med fast toppdekke

Innovasjon Norge har eit tilskot til bygging av frittståande gjødsellager og tilbygg til eksisterande gjødsellager. Retningslinjer for tilskotet finn de her: retningslinjer for støtte til gjødsellager

Aktuelle typar av dekke er avhengig av kva lager ein har

Dei fleste frittståande gjødselkummane er laga i betong, anten plasstøypt eller med prefabrikkerte element. Elles er kummar av stål med innvendig duk og glassfibartankar òg brukt. Kostnad på dei ulike løysingane kan ein hente inn frå produsent. Ein må vite kva tilsyn som trengst, slik at løysinga toler frost.

Plasstøypt betongkum

  • Betongdekke lagt på yttervegg (kum med mindre diameter 8,0m)
  • Lett takkonstruksjon med sperr lagt på berande dragarar med opplegg på yttervegg
  • Flytedekke - duk lagt opp på gjødsla som samlar opp nedbør og pumpe for utpumping av nedbøren
  • Pyramidetak av armert duk som er opplagra på søyle midten av kummen og spent nedover ytterveggane

Betongkum med prefabrikkert betongelement

  • Lett takkonstruksjon med sperr lagt på eigen berekonstruksjon (dragarar og søyler)
  • Flytedekke - duk lagt opp på gjødsla som samlar opp nedbør og pumpe for utpumping av nedbøren

Lager av stålplater med innvendig duk

  • Flytedekke - duk lagt opp på gjødsla som samlar opp nedbør og pumpe for utpumping av nedbøren
  • Lett takkonstruksjon med sperr lagt på eigen berekonstruksjon (dragarar og søyler). Mindre diameter (8,0 m)

Glasfibertank

  • Lett takkonstruksjon med sperr lagt på eigen berekonstruksjon (dragarar og søyler). Mindre diameter (8,0 m)
  • Flytedekke- duk lagt opp på gjødsla som samlar opp nedbør og pumpe for utpumping av nedbøren

Alle løysingane vil dempe utslepp til luft. Tett betongdekke, pyramidetak og flytedekke er tilnærma gasstett og dempar mest. Takkonstruksjon med sperr og betongelement som ligg på dragarar er meir opne, men dempar likevel noko utslepp til luft. Alle løysingane skal òg vere varige ved riktig bruk. Det kan bli behov for å pumpe bort vatn som legg seg oppå flytedekke. Pumpe er lett omsetteleg utstyr, og ein kostnad som normalt ikkje kan bli støtta med SMIL-tilskot.