Krav om gjødslingsplan

Her finn du informasjon om kva som må vere med for at ein gjødslingsplan skal vere godkjent.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.09.2020

Denne sida er under arbeid og blir oppdatert.

Alle landbruksføretak som søkjer produksjonstilskot skal som hovudregel ha ein årleg gjødslingsplan. Denne planen skal bygge på nyare jordprøver og vere grunnlag for den årlege gjødslinga på føretaket. Forskrifta og Rundskrivet har nærare informasjon om dette.

Oppdatering av fjorårets plan kan gi gyldig årleg plan

Kravet er at føretaket skal ha ein årleg gjødslingsplan. Det er ikkje nødvendigvis behov for fullstendig utarbeiding av ny plan kvart år, til dømes frå landbruksrådgivinga. Føretaket kan i staden vurdere behov for endringar og sjølv oppdatere planen i mellomår. Denne årlege oppdateringa må dokumenterast.

  • Ved behov for mindre endringar i gjødslingsplanen frå førre år:
    Dersom føretaket finn grunnlag for mindre justeringar kan ein sjølv oppdatere planen. Årsaka til endringar må komme klart fram, samt kva den nye gjødslinga skal vere. Dette må dokumenterast ved at føretaket noterer endringar som eit tillegg på førre års plan. Det er viktig at årsak til endring og nye gjødslingsråd er tydelege både for den som skal gjødsle og for den som skal kontrollere planen. Årsaker til endringar kan vere attlegg, ny leigejord, bortfall av leigejord, endringar i gjødselsortiment eller anna. Ein må vurdere om endringane er så store at det beste er å få utarbeidd ein heilt ny plan.

  • Dersom det ikkje er noko forskjell frå førre år i korleis teigane blir brukt og i gjødslingsbehov:
    Føretaket må vurdere om det er behov for endra gjødsling basert på erfaringane frå førre år. Ein må skrive nytt årstal på planen og årsak til at det ikkje er behov for endring.

Dersom det skjer vesentlege endringar, skal det lagast ein ny plan. Slike endringar kan til dømes vere auke i produksjon, nye husdyrslag og ny leigejord.

Krav til utforming av gjødslingsplan

Gjødslingsplanen skal omfatte alt jordbruksarealet som føretaket disponerer og gjødsel frå alle husdyr på føretaket. I planen skal husdyrgjødsla fordelast på føretaket sitt spreieareal. Jordprøvar skal bli teke kvart 4. – 8. år. Dersom ein får ny leigejord, skal det ligge føre jordprøver frå leigejorda seinast 2. året.

Det er ikkje krav om at gjødslingsplanen skal vere laga i dataprogram for gjødslingsplanlegging. Ein god gjødslingsplan kan vere utarbeidd manuelt, så sant planen fyller krava til ein gjødslingsplan etter Forskrift om gjødslingsplanlegging. Ein plan utarbeidd ved hjelp av gjødslingsprogram er likevel ein sikrare metode for å få med alle variablar i planen, og at desse er oppdatert med den nyaste kunnskapen om gjødsling, enn ein manuell plan.

Fleirårige planar

Føretak kan søkje kommunen om å ha ein fleirårig gjødslingsplan, som kan vare inntil 5 år. Ut frå Rundskrivet kan føretak som driv ekstensivt (gjødslar under 75 % av norm), har lite variasjon i arealbruken og har mindre enn 5 gjødseldyreiningar få fritak. 5 gjødseldyreiningar svarar til 5 mjølkekyr eller 35 sauer når dei blir fôra inne eller beitar på areal som er spreieareal for husdyrgjødsel. Fleirårig plan føreset at det ikkje skjer vesentlege driftsendringar i løpet av perioden. Kommunen skal vere restriktiv med å godkjenne fleirårige planar.

Samdrift og samdriftsmedlemmar

Alle føretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon, og som har rett til produksjonstilskot i jordbruket skal ha ein gjødslingsplan, jamfør forskrift om gjødselplanlegging. Det gjeld både dei som har husdyrgjødsel og dei som ikkje har husdyrgjødsel.

Ei organisering der samdrifta disponerer innmarksbeite, og kvart medlem gjennom eigne føretak disponerer fulldyrka og overflatedyrka jord, må samdrifta ha eigen gjødslingsplan for innmarksbeite og kvart medlem gjødslingsplan for eige føretak. Både samdrifta og det enkelte føretak har ansvar for arealet det disponerer, både i høve til gjødsling og bruk av plantevernmiddel.

Som ein kommentar i gjødslingsplanen bør samdrifta opplyse om korleis husdyrgjødsla i føretaket blir brukt. På same måte må det gå fram av gjødslingsplanen for det enkelte føretak kvar husdyrgjødsla kjem frå og mengde.

Fritak frå kravet om gjødslingsplan

Føretak kan søkje kommunen om dispensasjon frå kravet om gjødslingsplan. Ut frå Rundskrivet kan føretak som driv ekstra ekstensivt (gjødslar under 50 % av norm), har lite variasjon i arealbruket og har mindre enn 5 gjødseldyreiningar få fritak. Dette kan til dømes gjelde ved utegangardrift i utmark.

Vi rår til at føretak som har fått fritak tek jamnlege jordprøver for å ha kontroll på når jorda treng kalk.

Søknad

Det er viktig at søknad om fleirårig plan eller fritak frå krav om plan blir levert i god tid før vekstsesongen. Søknaden må vere skriftleg til kommunen og innehalde opplysningar om drifta, detaljert informasjon om mengd og type mineralgjødsel ein planlegg å bruke på kva teigar og korleis husdyrgjødsla blir nytta. Kvar søknad blir vurdert for seg. Kommunen skal mellom anna vurdere drift, gjødsling, forureiningsfare, sårbare vassdrag mm. Det er lagt opp til at det er få føretak som kan få fritak frå kravet om årleg gjødslingsplan.

Manglande plan gir trekk i tilskot

Ved kontroll i samband med produksjonstilskot vil landbruksforvaltninga spørje etter gjødslingsplan. Dersom ein manglar gyldig gjødslingsplan er normen i regelverk for areal- og kulturlandskapstilskotet (AK-tilskotet) at dette tilskotet blir avkorta med 20 %. Dersom ein har gjødslingsplan, men denne er mangelfull, vil avkortinga bli noko mindre.
Det er viktig at føretaka gir rett informasjon ved søknad om produksjonstilskot. Dersom ein kryssar av for å ha gjødslingsplan, men kontroll viser at den manglar, er dette feilopplysing i søknaden. Når føretak har gitt feilopplysningar på denne måten skal kommunen vurdere ytterligare avkorting i tillegg til dei 20 prosentane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.