Dobla tilskot til drift av bratt areal

Fylkesmannen har prioritert å auke tilskot til drift av bratt areal, stølsdrift og drift av beitelag ved fordeling av restmidlane for Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2018.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.01.2019

Regionalt miljøprogram (RMP) for Sogn og Fjordane inneheld tilskotsordningar som skal utvikle og ta vare på det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. 2018 var siste søknadsomgangen Sogn og Fjordane har eige Regionalt miljøprogram. Frå og med søknadsomgangen 2019 vert det felles miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane.

I jordbruksforhandlingane 2018 auka ramma for Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane med 6,7 mill. kr derav 6 mill. kr var framforhandla som driftsvansketilskot gjennom tilskot til drift av bratt areal. Vidare vart det lagt føringar i jordbruksforhandlingane om at tilskot til stølsdrift skulle vere minst kr 50 000 per støl. Auken i ramma, samt føringane som blei lagt i jordbruksforhandlingane, kom etter at førebelse tilskotssatsar for 2018 var fastsett. Fylgjeleg gav det mykje restmidlar til omfordeling då dei endelege satsane vart fastsett. Ved fordeling av restmidlane har Fylkesmannen etter samråd med faglaga i jordbruket i fylket prioritert fylgjande tiltak: tilskot til drift av bratt areal, tilskot for stølsdrift og tilskot til drift av beitelag.

Tilskot til drift av bratt areal

Intensjonen i jordbruksforhandlingane var at tilskot til drift av bratt areal skulle doblast. Vidare har Fylkesmannen alltid hatt som mål å styrke skjøtselen av det bratte arealet i fylket. Dei brattlendte bruka og teigane er eit særpreg for landbruket i fylket. Det bratte arealet er tungdrive og arbeidsintensivt, og det er såleis ekstra utsett for å gå ut av drift. Den bratte innmarka står på hell, og den er såleis svært synleg i landskapsbildet. Ved å stimulere til slått av det bratte arealet oppnår ein både matproduksjon, ope og stelt kulturlandskap med positive ringverknader for det kringliggjande plante- og dyrelivet, og at drift på marginale innmarksområde held fram. Over halvparten av tilskotsmidlane i RMP er skjøtsel av bratt areal og er den desidert største og viktigaste tilskotsordninga i Sogn og Fjordane sitt miljøprogram, både med tanke på økonomi for bonden og stell av kulturlandskapet. Tiltaket gjev ope og stelt kulturlandskap,matproduksjon også på bratte teigar og det stimulerer til levande bygder med aktiv gardsdrift. Endelege tilskotssatsar for drift av bratt areal vert i søknadsomgangen 2018 dobla i høve til førebelse tilskotssatsar til kr 378/daa (helling 1:5 til 1:3) og kr 567/daa (helling brattare enn 1:3).

Tilskot til stølsdrift

Kravet i jordbruksforhandlingane var at tilskot til stølsdrift skulle vere minst kr 50 000 per støl. Stølsdrift er i vårt fylke matproduksjon basert på utmarksbeite, og det krev eit ekstra produksjonsanlegg på føretaket. Beitedyra bidreg til å halda stølsareala og utmarksbeita opne. Dette er igjen gunstig for det kringliggjande plante- og dyrelivet. Gjennom stølsdrifta vidarefører ein gamal tradisjon med mjølkeproduksjon på stølen, og stølsdrift er ein viktig kulturformidling for landbruket. Meirarbeidet og meirkostnaden med stølsdrift gjer at nokre bønder noko motvillig vel vekk stølsdrifta. Talet stølar i Sogn og Fjordane har diverre gått noko ned dei siste åra. Dette er ikkje ei ønska utvikling. Endeleg tilskotssats for tilskot til stølsdrift i søknadsomgangen 2018 vert auka frå kr 50 000 per støl til kr 60 000 per støl.

Tilskot til drift av beitelag

Sogn og Fjordane har svært gode og produktive fjellbeite, særleg i indre og høgareliggande strøk. Med færre aktive bønder vert det meir krevjande for dei som har dyr på utmarksbeite enn før, både med tanke på tilsyn, sanking og manglande gjerdehald mot utmarka. Samarbeid innan Organisert beitebruk er difor truleg endå viktigare no enn før. Gjennom aktive og oppegåande beitelag kan ein forvente lågare tap, meir effektiv og rasjonell tilsyn og sanking, auka kunnskapsformidling til, frå og innad i næringa. Ein kan og forventa fleire beitedyr i utmark, noko som igjen er positivt både med omsyn til kjøtproduksjon, ope landskap, biologisk mangfald, opne stiar, dyrevelferd og dyrehelse. Endelege tilskotssatsar for drift av beitelag i søknadsomgangen 2018 vert auka frå kr 8 /heimsanke småfe til kr 14/heimsanka småfe, og frå kr 16/heimsanka storfe til kr/28 per heimsanka storfe.

Tilskota i Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane søknadsomgangen 2018 vert utbetalte frå Landbruksdirektoratet til bøndene 1. mars 2019. Forutan tilskot til stølsdrift, drift av bratt areal og drift av beitelag er dei endelege tilskotssatane like dei førebelse satsane:

Tilskotsordning

Førebels sats, kr

Endeleg sats, kr

Tilskot til skjøtsel med ammegeit og kje

160 pr dyr

160 pr dyr

Tilskot til drift av bratt areal med helling 1:5  til 1:3 og helling 1:3 eller brattare

252/378 pr daa

378/567 pr daa

Tilskot til beitedyr i verneområde (småfe og storfe/hest)

50/100 pr dyr

50/100 pr dyr

Tilskot til skjøtsel av styvingstre

150 pr tre

150 pr tre

Slått av biologiske  verdifulle areal

580 pr daa

580 pr daa

Beite av biologiske verdifulle areal

190 pr daa

190 pr daa

Drift av enkeltstøl og fellesstøl med mjølkeproduksjon

50 000 pr støl

60 000 pr støl

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

500 pr kulturminne

500 pr kulturminne

Skjøtsel av bakkemurar og steingardar

9 pr meter

9 pr meter

Drift av beitelag småfe/storfe

8/16 pr dyr

14/28 pr dyr

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.