Verdsmeistar inspirerte ystelystne til lokal foredling av mjølk

30 bønder fordelt på 22 foretak, nyfikne og med interesse for å starte foredling av mjølk, deltok på inspirasjonskurs i Førde og Nordfjordeid i april. Verdsmeistar i ost, Jørn Hafslund frå Ostegården, var inspirator.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.07.2019

I samarbeid med Kompetansenavet Lokalmat Vest, Sogn og Fjordane Bondelag og Noregs Bonde- og Småbrukarlag arrangerte Fylkesmannen ystekurs. Målsettinga var å inspirere bønder til å sjå potensialet som ligg i lokal foredling av mjølk, få innsikt i omfang og oversikt over kva kunnskap ein treng for å starte.

Jørn Hafslund frå Ostegården, produsent av vellagra Fanaost, som vart kåra til verdas beste ost under oste-VM i 2018, var med på kursa. Jørn fortalde korleis han og dei tilsette har arbeida frå idè til kåringa i haust. Det er naudsynt med god kunnskap og det er arbeidskrevjande. Anne Karin Hatling frå Skjerdal Støylsysteri og kafè gjennomførte ostesmaking, der deltakarane smakte på ulike typar ost. Kompetansenavet ved Aud Slettehaug, var kursleiar og hadde ansvaret for praktisk demonstrasjon ved tillaging av yoghurt og ferskost.

Det vert liknande ystekurs i Hordaland til hausten.

Bakgrunn og kvoteordning for mjølk

I dag er det ingen eller lite foredling av kumjølk i Sogn og Fjordane og Hordaland. Der er eit uutnytta potensiale for foredling og marknaden etterspør fleire ostar og produkt av mjølk. Handverksost er etterspurt og det er plass til fleire produsentar. Den gode kvaliteten på den norske mjølka er eit godt argument for å sjå nærare på mulegheita og utvikling av nye foredla produkt. Fleire bønder i Vestland kan vere med å bidra til auka verdiskaping.

Når eksportstøtta for Jarlsbergost tek slutt i 2020, er det venta å bli eit stort overskot av kumjølk her i landet. Det dreier seg om 90-100 millionar liter mjølk, eit volum som svarar til rundt 500 norske mjølkebruk. Noko av denne mjølka håpar ein bønder kan nytte i produksjon av lokale gardsostar.  

Med foredlingskvote kan ein auke mjølkeproduksjonen eller samarbeide med eit handverksysteri. Samla sett kan det gi verdiskaping på garden, fleire arbeidsplassar og auka matproduksjon. Les meir i forskrifta, «Forskrift om kvoteordningen for melk».

Kursdeltakare og vidare arbeid

På spørsmål om ystekurset var vellukka, totalt sett, svara 80% godt og meget godt. 59% av foretaka svara at utbytte sett i forhold til motivasjonen for å delta på kurset var god og meget god. I evalueringa kjem det tydeleg signal om behov for auka kompetanse. Ni foretak ønskjer innføringskurs i mjølkeforedling og 10 foretak ønskjer modulkurs i mjølkeforedling. Begge kursa vert arrangert på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. På spørsmål om kor nyttig kunnskapen frå kurset vil vere for verksemda, svara 45,5% god og meget god. Det er knapt halvparten av foretaka som deltok. Fylkesmannen er nøgd med resultatet. Det knyter seg investeringar, god kunnskap og arbeidskapasitet til etablering av ysteri. Her må ein ta eit vegval og prioritere kva ein vil rette ressursane inn mot. 

Ostesmaking ved Anne Karin Hatling/Skjerdal Støylsysteri og kafè.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.