Nordfjord Smak

Lokalmat ved lansering av Nordfjord Smak
Lokalmat ved lansering av Nordfjord Smak (Foto: Visit Nordfjord)

Eit signaturmerke for lokalmat, Nordfjord Smak, er etablert. Det har vorte skapt ein arena for 23 einskildaktørar som no ser kva potensiale og moglegheiter det ligg i eit tett samarbeid for å sikre vidare utvikling i regionen.

Reisemålselskapet Visit Nordfjord har initiert og leia det treårige prosjektet for satsing på lokalmat i regionen. Prosjektleiar Beate Vik Hauge meiner at prosjektet «Lokalmat og reiseliv i Nordfjord» mellom anna har gjeve Visit Nordfjord viktig organisatorisk kompetanse på korleis samle og inspirere lokalmataktørane til felles satsing. Vidare har arbeidet gjeve viktig læring for korleis ein kan engasjere små aktørar som har lokalmat-satsinga som eit deltidsarbeid. Fleire har lite ressursar til å fremje sine produkt og skape synergieffektar seg imellom. Med eit felles signaturmerke har ein klart å legge til grunn for ei plattform som på sikt kan gjere den einskilde aktør mindre sårbar gjennom auka samarbeid, kunnskap, profilering og utvikling av nye satsingsområde og produkt.

Prosjektet knytt til Nordfjord Smak har ein intensjon som vil bli følgt opp vidare, slik at det i stadig større grad kan «bere frukter» for satsinga på lokalmat i distriktet:

  • Vere ein arena der mange små einskildaktørar får styrka sin posisjon gjennom støtte til felles profilering og marknadsføring, opplæring og samarbeid som styrkjer den einskilde produsent
  • Styrke samarbeidet/logistikken mellom den einskilde produsent, distributør og salsledd (gjennom betre oversikt over tilgjengelege produsentar, type varer, pris m.m.)
  • Styrke koplinga mellom natur og kultur, og mellom aktivitet og lokalmat. Her ligg eit vekstpotensiale ein ønskjer å styrke i det komande.

Aktivitetar i prosjektet

Merkevaren Nordfjord Smak samlar lokal mat og drikke i Nordfjord under ein paraply. Merket skal synleggjere og løfte fram aktørane som har samla seg kring ein felles identitet. Ved å løfte i flokk skapar det auka merksemd og stoltheit over lokale råvarar og matkultur. Styrka og styrt samarbeid mellom produsentar og reiselivsaktørar er med på å auke verdiskapinga. Merket skal vere funksjonelt og enkelt å ta i bruk. Til dømes er papirposar og forklede vorte godt motteke blant produsentane.

Merkevareprodukt

Merkevareprodukt (Foto: Visit Nordfjord)

Marknadsføring av Nordfjord Smak har i prosjektperioden vore knytt til lansering av ny profil til Visit Nordfjord, der fleire produsentar presenterte si bedrift og serverte smaksprøver av sine produkt. På nettstaden nordfjord.no er det eigne sider med omtale av produsentane og lokale produkt. Det er utvikla ein monter for produkt i butikk med Nordfjord sin visuelle profil. Målet er at produsentane som ønskjer å vere i butikk, kan plassere sine produkt under ein felles profil, Nordfjord Smak.

Monter i butikk med lokale produkt frå Nordfjord

Monter i butikk med lokale produkt frå Nordfjord (Foto: Visit Nordfjord)

Produktutvikling har vore retta mot der aktivitetar, natur- og matopplevingar og særskilte overnattingsstadar vert kopla saman. Reisen kan til dømes gå på tvers av regionar og utviklast for sal via lokal operatør og andre turoperatørar. Eit døme er kulinarisk reise på sykkel.

Kompetanseheving har skjedd i nært samarbeid med NCE Tourism og deira prosjekt «Lønsam opplevingsmat». Det vart lagt til rette for kurs i utemat, der bedrifter innan oppleving, servering og foredling av råvarer skulle lære korleis desse elementa kan koplast saman på ein god måte.

Vegen vidare

Prosjektet har nær dialog med Coop Vest i samband med produsentar som har produkta sine i Coop Extra Stryn. Det er konkrete planar om faste torgdagar på Per Bolstad Plass i Stryn i sesongen. Butikken Bakar Jon på Byrkjelo kan vere ein aktuell cruise-stopp i samband med utflukt frå Olden/Stryn til Fjærland. Det er potensiale for vidare samarbeid med Innvik Fruktlager på logo og produktutvikling. Det er ei utfordring for lokalmatprodusentane med små produksjonslokale. Det blir arbeidd med å få nytte lokala ved Stryn vidaregåande skule. Sosiale medium er heile tida under utvikling og det er ønske om å legge til rette for fleire kurs og samlingar for å halde fram med kompetansehevinga i tida som kjem.

Kontaktpersoner

Lenker